torsdag 30. desember 2010

"Takk for det gamla"

No er snart 2010 over, og 2011 bankar på:) Me skal feire nyttår på Fjelberg i år, hos mannens søster og hennes familie. Dei bur på gard så me gleder oss til ei rolig og fredfull feiring i godt lag:) Me blir 3 familiar rundt bordet, 6 voksne og 6 barn. På programmet står god mat (Gro er nemlig verdens beste kok), voksendrøs, barnelek, pakkelek og sjølvsagt fyrverkeri:)


Her kjem litt bilder fra stova vår i kveld. Begynner å bli litt lei julepynt og rødt no, så derfor litt ikkjejulebilder... Har faktisk så smått begynt å rydde jula litt vekk...






Eg ryddar jula vekk samtidig som eg kjøper ny julepynt......;)
Måtte berre vise juletrea eg fant på salg hos Skeidar! 150,- kr for begge to:) Så til neste år blir det juletre på jentene sine rom og':)



 Med eit siste julebilde, før me snart legg jula på hylla for denne gong, vil eg ønska dåke alle eit godt nytt år og takk for da gamla:)

Tusen takk for at dåke har kikka innom meg:)
Og tusen takk for alle dei fine bloggane eg har fått kikka innom:) Dåke e den beste inspirasjon eg kan få!!

Glede meg til eit nytt BLOGGår:)
Godtnyttårklem fra meg:)

tirsdag 28. desember 2010

Jippi - nymala stova:)


Det ideele hadde vore å gjort det før jul, men då hadde eg ikkje ein gong tid til å tenka på det.....

Eg har malt stova.......av alle ting - midt i jula!!!!!! 
Me hadde ein mørkebrun vegg i stova som no endelig er blitt lys igjen:) Og når eg først var i gong mala eg heile stova litt lysare:)
FØR:

NO:

I tillegg har sofaen fått ny plass. Så no er dei fine vindua som tidligere var gøymt bak sofaen kommet fram:)

Maling er LYKKE for meg! Eg elsker forandringar! Forstå det den som kan, seier mannen i huset....:) Han er tolmodig med meg, (det skal han ha) og gir meg ei hjelpande han viss eg treng, enten det gjeld skruing, banking eller løfting. Men malinga tar eg meg av sjøl:)

Mor i huset har ikkje berre hengt på veggen i jula;) Me har kost oss og':)
Med både ski, skeiser, brettspill, lego, tv, familieselskap og ikkje minst laaaaange laaaaate morgonar i pysjen for både store og små;)



I morgon venter jobb igjen, mens mann og barn skal kosa seg heima nokre dagar til:)

God romjul og god natt:)

Kvit jul

I år fekk me ei nydelig kvit jul:) Ingenting er vell bedre enn å vakna til klar himmel og minus grader:)
Hos mamma og pappa 2.juledag var det fyr i bålpanna og onkel Ørjan var med å laga snøhytte:)



Eit perfekt julevær!



Minste jenta har fått feber igjen:( Så me to har kost oss inne i dag. Thea er på isen og prøver dei nye skeisene med tanta si, mens mannen er i skogen etter neste års ved. Veret er jo egentlig altfor flott til å vera inne i....

 

Det er på late dagar som desse at det alltid er ein overhengende fare for at eg endar i malingsbøtta;) Klare berre ikkje å la vær....... Kjenne eg blir litt flau....ein male ikkje i julo! Men da har altså eg gjort dei to siste dagane:o


Med dette fine bildet av duken og lysa eg fekk til jul av jentene mine ønsker eg dåke ein malingsfri og fin tirsdag:)

Klem:)

lørdag 25. desember 2010

Julefred ♥

Eg føler på mange måtar at 1.juledag begynner den rolige delen av jula. Då kan me senke skuldrene og berre kose oss gjennom resten:) Det er ingenting som skal vaskes, ingenting som ordnes, ingenting som skal rekkes... berre kos, familie, god mat og leik

Eg har ikkje fått vist bilde av juletreet vårt i år, så her kjem det:)

 

Ei lubben og fin edelgran:) Den blei pynta på onsdag og då blei det skikkelig jul i stova:) Eg likar å pynte treet med sølv og rødt, og selvfølgelig ting som ungane har laga opp gjennom åra:)


"Juletrefoten" er ny i år. Det er ei sinkbøtte fra Plantasjen, den er litt finare enn den kjedelige vanlige juletrefoten syns eg;) Mannen skjønna ikkje heilt koffor me plutselig skulle ha treet i ei bøtte.....

JULAFTA


Julafta feira me oss mamma og pappa i år, samen med mine yngste søsken Marthe og Ørjan. Det vart ei koselig og fredfull julafta med god mat og masse fint under treet for både store og små:)  


Her er to forventningsfulle jenter som venter på at dei voksne skal bli ferdig å eta så me kan begynna med det som er litt meir spennande....


Måtte berre vise bilder av det fine julebordet mamma hadde dekka. Veldig enkelt, men utrulig fint syns eg:) Det er nok fra henne eg har mi interesse for interiør og detaljer  

I dag har me vore på middag hos mine svigerforeldre:)
Og i måro er det julefrokost hos mamma og pappa sammen med mine 3 søsken og Deres familie:) Mat, mat, mat:) DEILIG!!!

Ha ein fortsatt fin 1.juledag

tirsdag 21. desember 2010

Azalea ♥ jul


Eg synes Azalea er veldig jul, så i går blei desse to mine:) Eg har ikkje spesielt grønne fingrar så det gjenstår å sjå kor lenge dei blir;)


Denne vesle "palma" i sinkbøtta blei og' med heim fra Plantasjen. Veit ikkje heilt kva plante det er, egentlig var eg på jakt etter eit oliventre men det hadde dei ikkje...denne liknar jo litt....


Det er ein større versjon av denne sinkbøtta som blir juletrefot her i huset i år:))
I måro skal me pynte treet, så då gjenstår det å sjå om me får treet til å stå i bøtta.... Mannen i huset har lova å finna ei løysing på det:)

I kveld har Thea hatt 5 klassevenninner på julekvelds:) Dei koste seg med ein heilt enkel grovbrødkvelds. Med seks 8-åringer rundt bordet satt både latter og prat laust. Etterpå bar det inn i sofaen for å sjå PAKTEN. Ein koselig jentekveld med MASSE fnising:)


Ha ein fin kveld alle sammen:)

mandag 20. desember 2010

JULEKJOLANE


Her er julekjolane til jentene i år. Eg har alltid likt å ha like kjolar til dei, men no er Thea blitt 8 år og måtte få ein litt voksnare kjole enn litlasøsto:) Men begge er lilla og eg er kjempe fornøyd:) Kjolane er kjøpt på Exit/Name It, og ikkje var dei dyre heller:)


I morgon tar ungane juleferie og då er det jammen godt å ha pappen heima fra Nordsjøen......for eg skal jobba tilogmed torsdag:(

Årets juletre er kommet i kjelleren.......burde visst stå der i to dagar før me tok det inn i stova.
"Supergrip"-juletrefoten blir i år bytta ut med noko som er mykje finare:)
Gleder meg:)


Ha ein fin Tirsdag.
Her blir det siste innspurt i måro, er nemlig min siste fridag før jul:)
Og den skal utnyttes til fulle.....uten å stressa;)

søndag 19. desember 2010

Snart i mål:) ?


No er alle lysa tent på adventstaken og jula er rett rundt hjørne. Mens dei små går rundt og gleder seg meir enn nokon gong, syns me vaksne at jula kjem altfor fort! Er me ferdig? Har me gløymt noko?



Trur eg må lage ei liste!  Eg føler ofte det er så mykje å huske på, men når eg setter det opp på ei liste blir det meir overkommelig:)

 No er eg iallefall ferdig med alle julepakkane:) Kjøpte den siste i dag! Baking trur eg heller ikkje det blir meir av, sjølv om eg har ein kjøpepepperkakedeig i kjøleskapet.... Juletreet skal i hus på tirsdag, då har eg fri og me kan alle vera med:) Så gjennstår det "litt" vasking og handling før me er i mål:) Eller? :o


Ha ein fin kveld og ein fin førjulsveka:) Ikkje la det bli berre stress:)
Jul blir det uannsett, og jammen er det godt:)

Jul i hønehuset;)

No er det jul i hønehuset og':) Eg har nett vore ute med 2 nissar til hønene.....dei passa jo egentlig veldig bra til den fine kappa som heng der. Den har mannen i huset sydde på barneskulen:) (Ei kappe med hønestempel)


I hagen har me nemlig eit lite hønsehus på ikkje meir enn 1,5m2, der det bur 4 små høner. Dei forsyner oss med egg kvar dag. Egg som er litt mindre enn vanlige, men utrulig gode:)


Kan tru det er stas å vera to år og henta nyverpa egg kvar dag:)
Desse bilda er fra i sommar, men syns dei er så søte....

Her har pappen klipt plenen mens Liva mater hønen med det nyklipte gasset:) Då kjem Hello Kitty trillebåra godt med;) Ein spennande og krevande jobb for ei lita jente....



Høner i hagen er virkelig å anbefale. Lite arbeid, men mykje glede:)

onsdag 15. desember 2010

Ristoppar og reker:)



Her har me bakt 2 sorter i dag - Serinakaker og ristopper - så no trur eg me seie oss ferdig med julebaksten for i år;) (er nok dei 2 enkleste sortane, men 2 sortar er 2 sortar....)

Då baksten var i ovnen kom farmor og farfar, og me har kost oss med reker i kveld:) Ein koselig ettermiddag og kveld for både store og små:)





Til slutt ei søt lita skål med julelukter på kjøkkenet - kanel, stjerneanis og sjølvplukka nøtter.

God Natt!

tirsdag 14. desember 2010

♥Tanken på dem mann er glad i♥

"Det er ikkje pakkar og mat som er best. Det er ikkje gløggen som varmar mest. Men ein ting mann ikkje kan ta i, nemlig tanken på dem mann er gla' i"

Desse fine orda stod på julekortet me fekk fra venninna mi Laila m/familie. Synes det var så fin tekst - ville dele den med dåke:)
 (her han du ta ein titt på den fine bloggen til Laila Beste Vestkant)



Eg har sydd meg to engleputer:) Kvit restestoff, litt kantbånd og strykemerke fra Panduro Hobby. Kjempe enkelt!


♥ ♥ ♥

No er planen ein tur til Haugesund for å få i boks resten av julepakkane:)

mandag 13. desember 2010

Pepperkakehus


Då var pepperkakehuset vårt klart:)
Me har alltid kjøpt ferdig hus. Men i år blei eg så inspirert av alle dåke bloggdamer som lager papperkakehusa sjøl. Så i år har me og' prøvd oss på heimelaga hus!:) Litt skakt, skeivt og brent, men heimelaga:)
Inni huset har eg lagt ei lita lysslynge (viser ikkje på bildet)


I år har huset fått plass på sinkfatet på kjøkkenet. Reilestativet har pappen i huset laga. Dei to seigemennen skal sitte der å reile (huske) seg gjennom heile jula:)


På taket har me brukt mini marshmallows. Huset vårt er nemlig ikkje så veldig stort...


Med desse bildene av pepperkakehuset vårt ønsker eg dåke ein fin kveld:)


♥ ♥ ♥

Til slutt må dåke ta ein titt på pepperkakehuset til Den gode feen. Går det ann!!!!?? Tenk å ha eit sånt hus på kjøkkenet!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...