Eg er veldig glad i kjøkkenet vårt, og det er nok derfor det ofte blir blogginnlegg derfra.
Det er ikkje kvar dag det ligg eit strikketøy på kjøkkenbordet mitt, men i dag gjer det altså det☺ Eg held på å strikke ein kjøkkenklut!
Fritidsproblem vil nok noken kalle det, men dei skal visst vera knallgode....og når dei i tillegg er så fine måtte eg prøva☺ Så gjenstår det å sjå om det blir med den eine...
Årets første påskeliljer har fått plass på kjøkkenbordet♥
Me hadde eit nydelig vær i går, skikkelig vår...trur nesten eg fekk litt farge på nasa etter ein herlig dag ute☺
Men i dag våkna me til sludd og vintertemperatur igjen....
Men det har sin sjarm slike sure og kalde dagar og....perfekte for huslige innesyslar☺
Og eg er veldig glad i sånne dagar og eg☺
Så etter ein tur på Plantasjen blei det litt flytting, bytting, stasjing og ordning i dag og☺
Ei Basilikumplanta pyntar på kjøkkenet og lager ei deilig lukt.
♥
Denne krakken er kjøpt på Ikea, og etter eit strøk med maling....ja så blei den kvit den og:)
Den er veldig god å ha når jentene skal hjelpe til på kjøkkenet
♥ ♥ ♥
Syns denne kassen med handtak var så koselig.....det er ikkje berre planter dei har på Plantasjen....dei har MASSE anna fint og'☺
Kjøkkenstolane har eg nylig trekt om. Vil du lese meir om det kan du gjere det
HER.
Det har blitt lite tid til blogging på meg i det siste, men no skal eg ha meg ein runde og suge til meg masse inspirasjon fra alle dåke flotte bloggdamer☺
♥ Så då vil eg berre ønska dåke ein fortsatt fin søndag ♥
...og ei god ny veke♥
♥Klem fra Torill ♥