Her kjem litt bilder fra kjøkkenet vårt.
Ikkje mykje nytt siden sist, men har fått ny lampe over kjøkkenbordet (eller ny og ny...eg fekk den til jul). Er kjempefornøyd med lampen, den gav liksom kjøkkenet eit litt røffare uttrykk, samtidig som den gir eit fint lys over bordet.
Glassflaska med den svarte korken fekk eg av mannen sist han kom heim fra reisejobb. Dei blei brukt til oljeprøvar fortalte han. Og heilt av seg sjølv fann han ut at det var nok ei slik flaska som konemor likte:) Og den passa jo perfekt og konemor blei hoppande glad!!! ..og ein smule rørt...kjenne han meg så godt?
♥♥♥
På kjøkkendisken går det fortsatt ein del i blått hos meg. Syns det er ein farge som passar så godt på eit kjøkken.
Denne kvite herligheten fekk eg og' til jul:)
Om den ikkje blir brukt kvar dag gjer det ingen ting - eg blir glad berre av å sjå på den;)
♥♥♥
Til slutt vil eg sei tusen takk for fine helsingar under forrige innlegg♥ Kjekt at dåke fortsatt finn veien inn her til tross for null innlegg siste halvår;)
Den skitne grautpanna fra lørdagsgrauten kom heldigvis ikkje med på bilde, men den skal eg vaska no;)
♥Ønsker dåke alle ein fortsatt fin lørdag♥
Klem fra Torill