lørdag 29. januar 2011

Ein anelse grønt på kjøkkenet☺

 Her i huset har det plutselig lurt seg inn nokre grønne detaljar på kjøkkenet
Eg har egentlig ikkje vore så glad i grønt, men merker at eg plutselig syns det er fint


Den egentlige grunnen til denne plutselige interessa for grønt er denne gamle kjøkkenvekta. Den fant eg på finn.no, og før eg visste ordet av det hadde eg kjøpt den☺

Vekta er kjempefin syns eg, men føler ikkje heilt den har funne seg til rette på kjøkkenet....men det kjem nok når eg har fått flytta litt på den☺


Denne Green Gate boksen snopa eg meg i dag. Og den passa jo veldig godt sammen med den nye vekta

♥ ♥ ♥

Så mens eg prøver å bli venn med mi nye kjøkkenvekt, ønsker eg alle der ute ei fortsatt fin helg♥

Klem

torsdag 27. januar 2011

Mamma's heimelaga♥

Eg er virkelig ferdig med jula altså, men ville berre visa ein koselig liten pakke som låg under treet i år, med mitt navn på


Pakken var fra mi goe mamma
Ho hadde laga kokebok til meg og mine to søstre
(sjølve boka har ho ikkje laga, men det inni )
Kokeboka inneheld mange av mamma's heimelaga, både gjærbakst, kaker og middag. 
"Så no skjønne dåke ka mamma har gjort på om kveldane dei siste månedene Ho har nemlig skrevet og skrevet kvar kveld!" ....var kommentaren fra min lillebror som bur heima.


Ein kjempekoselig ting å få, som eg skal ta godt vare på, og som eg alltid skal ha med meg
Kanskje eg ein dag gir ei sånn kokebok til mine jenterTusen takk mammo miDu er verdens beste

Då er det snart helg igjen folkens, og det passer like godt kvar gong


God Helg

lørdag 22. januar 2011

NYTE-LØRDAG


Krokusane eg planta i litt mose for 2 veker siden er på full fart opp no:) Og gir ein deilig vårstemning i stova:)


Her nyte me lørdagen alle mann, både tobeinte og firbeinte;) Dei to foran ovnen måtte eg bort å ta i, for ikkje skjønne eg at dei klare å ligge der i den varmen!! Lørdagsgrauten er på kok og snart kjem Besto for å ete med oss:) 


Tulipanene eg kjøpte i går er allerede på vei ut av vasen, utrulig kor dei veks når dei kjem inn i varmen! Trur eg har ein liten kjekstjuv i hus, blir berre mindre og mindre igjen i norgesglasset....veit ikkje om det er den eldste eller den yngste....kanskje begge


Ønsker alle ein fin lørdag!

Gratulera med dagen Gro
I kveld skal me kosa oss


fredag 21. januar 2011

♥Knasende ferske tulipaner♥



Lyden av knasende ferske tulipaner er magiskOg dei er absolutt flottast før dei opner seg  Med litt potetmjøl i vatnet håper eg at dei ikkje veks for fort i varmen her på kjøkkenet, men at me får nyta dei lengst muligFor det er det me skal gjere denne helga - NYTA DA!!


Her i huset skal eldste jenta spele sin første (serie)kamp i handball i morgon.....SPENNANDE

No skal me hiva oss i sofaen med beina høgt og kjenne helgefreden senke seg
Ønsker alle små og store ei kjempe fin helg

onsdag 19. januar 2011

Tenn eit lys eller to ♥


Eg gleder meg til vår og lysare tider som dei fleste andre her i blogglandia:) Det er mørkt når eg går på jobb om morgonen og det er nesten mørkt igjen når eg kjem heim..... Men desse mørke ettermiddagane og kveldane gjer det ekstra koselig å tenne lys. Og eg elsker å tenne lys....masse lys, kvar dag! KOSELIG


Frukta her i huset er blitt bytta ut med litt gammel "pynt", gamle spoler og ein såpeboks etter mannens bestemor. Utrulig fine syns eg:)
Såpeboksen har påskrifta:
GOLDEN BORAX
FOR HUDENS OG HÅRETS PLEIE
Gjør hårdt vann bløtt. Gjør huden myk
og matt. Dryss alltid litt Golden
Borax i vannet før De bader
eller vasker Dem 
Oppi er det eit kvit såpepulver....som dessverre ikkje luktar særlig mykje lenger, men har fortsatt sin sjarm:)


Til helga står nye friske blomster på ønskelista....då blir helgevasken så mykje kjekkare
Gleder meg til helg, etter ei veke med mykje jobb!


Tilslutt vil eg ønska alle ein fortsatt fin kveld

Tenn eit lys eller to så blir alt så mykje koseligare i denne mørketida, så kjem nok våren snart den og'

tirsdag 18. januar 2011

Minikjøkken♥


Då har ungane fått sin egen lille kjøkkenkrok på kjøkkenet:) Det er ein "gammel" kommode som er blitt bygd om... Mannen bygger, mens eg peiker
 Den er både blitt gjort litt kortare og litt lavare. 2 dører i kommoden er fjerna og erstattet med kappe (den har eg sydd altså...ikkje mannen)


Me har felt ned ein liten vask (som faktisk er eit hundefat av alle ting, kjøpt på Felleskjøpet) Kjøkkenbatteri skal komme på plass med tida, er på leit. Ein liten koketopp er og' planen.


Den vesle lampen hadde svart lampefot og ein stygg lampeskjerm i går...i dag er den kvit med nytt rosa trekk. Både kappe, duk, lampeskjerm og dukkedyne er laga av eit gammelt dynetrekk.....rosa....masse rosa


Den vesle dukkesenga har mannen i huset laga på ungdomskulen. Den var egentlig ei rød og kvit nisseseng, men etter ein omgang med malekosten min er den blitt ei kvit dukkeseng


Litt pynt på hylla....


Både eg og jentene er storfornøyd med kjøkkenkroken Så her blirdet nok masse matlaging framover Med tida skal det flyttes opp på rommet til minstejenta, men syns det er litt koselig å ha det her til å begynne med.

Då må eg opp av sofaen og rydda litt før Grey's! Resten av huset har lidd litt under byggeprosessen kan du sei, og det syns!!!

Ha ein fin kveld, me prates

mandag 17. januar 2011

Prosjekt pågår:)

Her har det vore skikkelig drittver i helga...eller innever:) Så etter ein god del inspirasjon fra dåke bloggdamer hadde eg starta eit prosjekt som involverte heile familien før eg visste ordet av det;)


Så her i huset gjekk heile søndagen med til saging, spikring, maling og sying!!:)
Eg har ofte ein ide om at alt er fort gjort, men det har vist seg gong på gong at eg bommer litt tidsmessig... så det blir litt saging og maling i dag og';)




No har dåke fått eit lite glimt..... Kanskje nokon allerede skjønner kva me held på å laga:)?

Både jentene og mammo (pappen litt og') gleder seg til det er ferdig:) No gjenstår berre da kjekkaste; litt flikking og pynting, og så skal dåke få sjå resultatet i morgon:) (då har eg nemlig fri)

Ha ein fin mandagskveld damer!

torsdag 13. januar 2011

Kupp!!!

 Eg tenkte berre eg ville vise dåke dette nydelig kaffeservice eg kjøpte på auksjon like før jul:) Kaffekopp og tefat til 12 stk for kun 180,- kr. Det kaller eg eit KUPP!!!


Dei er så tynne og lette at ein knapt kjenner dei i handa. Eg trur dei er veldig gamle, men veit ikkje kor gamle... Eg syns dei er så søte og sommerslige, og pyntar så fint opp i skapet:)




Her er me alle på beina igjen og gleder oss til HELG!!!!!!

Ikkje berre er det helg i måro, men pappen vår kjem heim og'. Gleder oss:)


Tusen takk for koselige kommentarar fra dåke der ute:) Eg sett veldig pris på tilbakemeldingar!

Ha ei fin helg alle sammen:)



søndag 9. januar 2011

Ein Primula-søndag




At denne søte rosa Primula'en kom i hus her i dag fekk store følger:) Det førte til både vasking, tørking, flytting, bytting og omplanting. Ja, for sånn er eg:) Når eg får ein ny ting i hus, er det liksom sånn at nesten heile huset blir berørt. Alt får liksom ein ny (rein) plass;) I dag enda det faktisk og med at ein god del av plantene eg hadde fra før blei omplanta og fekk ny jord..... e da mulig!!! På formiddagen i dag var heile kjøkkendisken full av jord. Er vell egentlig ein aktivitet som passer bedre utendørs når været er litt bedre må eg innrømma....
Uansett eg elsker forandringar!!!!:) og ein aldri så liten forandring blei da, og det gleder eit interiør :)


Tidlig i vinter kjøpte eg ein heil bærepose med vårløkar på tilbud:) Og før eg rakk å tenka på å planta dei ut kom frosten. Så løkane ligg fortsatt i kjellaren:o Men no har eg planta 3 av krokusløkane i ei skål inne. Så får me håpa at varmen fra peisen gjer at det snart blømer i vinduskarmen;)



Men sjølv om Primula'en kom i hus har me hatt ein veldig rolig søndag:)
Eldstejenta starta dagen med oppkast i dag, så ho har holdt sofaen i heile dag. Då passer det godt med 2 selskapsjuke små katter, som har kost seg på sofaen sammen med ho. Ho er heilt tom for energi stakkar.... Så her går da kun i cola og chips:)


Me håpar på ei god natt, og at me alle er friske og klar for ei ny veke i morgon:)

♥ Ha ein fin kveld alle der ute 

lørdag 8. januar 2011

Soverommet

Eg har tidligere fortalt kor lei eg er av alle dei mørke golva våre.... Huset vårt er berre 5 år så eg skjønner ikkje korleis me kunne finne på å legge desse golva!!! (grrrrr)

Men no til saken! Eg MALTE (laminat)golvet på soverommet kvit før jul:)
Syns det blei kjempefint og er storfornøyd:)
(har sjølvsagt gløymt å ta førbilde)


Malingen eg har brukt er den nye 3 stjernes gulvmaling som mann kan male både laminat og parkettgolv med. 3 strøk og det mørke golvet var vekk!!!! :) :) :) Både vegger og golv er malt i fargen eggekvit.
Trur nok loftstova blir neste. Gleder meg allerede:)
Så mykje lysare og lettare:)


Garderobeskapa her har me kjøpt på Ikea. Dei har "me" saga til sjølv for å utnytte skråtaket mest mulig.


Me snakkes:)
 God natt

onsdag 5. januar 2011

♥ 3 søte små ♥


Måtte berre visa detta søte bilde Var oppe for å sjå om ungane sov og då møtte detta meg:) E dei ikkje søte? Ei sovende jente med 2 søte nøster i armane

Desse grå nøstene kom til verden 9. desember og er jentenes store glede om dagane Mammen og pappen min skal ha den eine, mens den andre fortsatt er ledig..

I morgon er det julebukk, og me skal kosa oss siste dagen med pappen før han reiser til havs igjen på fredag..


Ha ein fin kveld

søndag 2. januar 2011

Ut med jula:)

Då var ei kjempekoselig nyttårshelg over  og det er tilbake til kvardagen:) Litt trist men egentlig litt godt og':)

Eg er veldig glad i å pynte til jul, men eg må innrømme at det er endå kjekkare å rydde den ut igjen:) Her har dagen gått med til å rydde vekk jula og vaske huset etter jula. DEILIG å ta kveld med eit reint og ryddig hus:)



 Desse kremmerhusa har eg nett kjøpt på salg så dei skal få henge litt til.....syns ikkje dei var så julete;)


Alle julekorta me har fått skal og' få henge litt til....



Pastellfargane har ikkje fått kommet fram endå, men det er ikkje lenge til!
Når dei kjem fram er det berre å gle seg til våren:) 



Sølvtøy er fint å pynte med....berre så synd det blir så fort gult....men da har jo sin sjarm da og':)


Ønsker dåke alle ei god ny veke   

Takk for alle gode ord 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...