Dette har vore ei deilig helg. Ei helg med god tid og masse kos:)
I dag har det stort sett regna heile dagen så me har kost oss inne med fyr i ovnen, Karius & Baktus på TV og deilig søndagsmiddag.
Været i går derimot var nydelig! I flott høstvær sette me kursen mot Ryvarden Fyr. Eit fyr heilt i havgapet...
Ein liten times kjøretur fra Stord og så ein halvtime til fots.
Grusveien var perfekt for dei små på sykkel. Dei sykla sjølv heile veien, med berre litt hjelp i oppover bakkane;)
Så var me der....med utsikt rett til havs!!!!!
Ein tur eg virkelig anbefaler for dei av dåke som bur på desse kanter! Her kan ein både ha med barn i vogn og på sykkel, og ikkje er det langt å gå heller.
Eg håper du og har hatt ei fin høsthelg:)
Det er slike helger som dette som gir meg påfyll, påfyll på batteri som skal vare heile vinteren.
Ønsker deg ei flott ny veke!
Klem Torill