torsdag 28. april 2011

Vårglede♥



Vårglede kan vere så mangt....ein herlig bukett kvitveis plukka av ei barnehand...


...eller ei ny potte med ein rosa Pelargonia i kjøkkenvinduet


Fant denne nydelige potta på Plantasjen, og falt pladask
Om ikkje anna så gjorde potta helgevasken litt kjekkare

Til slutt vil eg ønska alle ei god helg, nyt det flotte været

 Klem fra Torill 

 

mandag 25. april 2011

♥Påskeferie♥

Ein heilt nydelig påskeferie går mot slutten.....Me har storkosa oss i båten i flott påskevær!!!!



Men etter 5 dager på sjøen var det deilig å komma heim igjen! Heim til hus og hage, og vårlige sysler både inne og ute.......og full skittentøyskurv;)
 

2 søte høneboksar er kommet i hus i løpet av påsken.
Desse fant eg hos Fem Høns, der all påskepynt er 50% om dagen.
Syns ikkje dei er så typisk påske desse, så dei skal få stå framme ei stund til.


Men resten av påskepynten skal pakkes vekk i dag....


Her er mi nye Tilda Frøken. Og den er det ikkje berre mor i huset som er fornøyd med......det er nemlig ikkje få ganger eg har funne ho godt nedpakka i dukkevogna til minstejenta. Så finn eg ho ikkje på "plassen sin" veit eg kor eg skal leite
Frøkna har eg kjøpt hos Line med den flotte bloggen Har en drøm Ho har egen bloggshop som virkelig er verdt eit besøk.


Og sammen med Tildaen hadde ho lagt med denne søte blå fuglen til meg, som passa perfekt inn på mitt kjøkkenet
 Tusen takk Line!!!


Med terrassedøra på gløtt nyt eg desse herlege vårdagane....med lyden av fuglesang og ungene som leker utenfor..


Vårglede....


Då skal eg hoppe ut av sofaen og komme meg ut eg og
Har planar om ein sykkeltur til Plantasjen i løpet av dagen..


♥ 
Kos dåke denne 2.påskedag og nyt siste fridag!

I kveld skal eg ha meg ein skikkelig bloggrunde. Har blitt ein nesten bloggfri påske detta, så eg glede meg virkelig til ein tur innom dåke

Men no skal eg ut.....tjhoooooo!!!

torsdag 14. april 2011

Sjarmøretappen igjen:)

Då er det berre sjarmøretappen igjen, nemlig fredagen, så er me klar for ei heil veke påskeferie:) Me gleder oss alle mann, både store og små:)


Påskepynten er kommet fram på kjøkkenet, påskeegg og kyllingar laga av jentene mine. Alltid ekstra stas å pynte med det jentene har laga, og dei er jo så stolte sjølv og':)


Ei herlig veke ligg foran oss! Ei veke der me berre skal kose oss, nyte god mat, snop, sofakos, seine kveldar, late morgonar og forhåpentligvis litt sol og blå himmel:)




  


Denne potta hadde eg fra før, har berre kjøpt påskeliljer og stemorsblomst som eg har planta i. Egentlig var dei meint for terrassen, men siden det ikkje er noko terrassever i dag fekk den bli med inn på kjøkkenet... kan jo ikkje så der ute og regne vekk...


 Då vil eg ønske alle dåke der ute ein fortsatt fin kveld, ei god helg og ein flott påske


Klem fra meg

onsdag 13. april 2011

Snart påskeferie:)

Endelig er påsken snart her:) Sjølv om det har blitt lite tid til interiør og husvask siste veka, skal me rekke påsken i år og;)


Denne søte påskekyllingen som eldstejenta har laga sitt på kjøkkenbordet sammen med pusekattane og gleder oss kvar dag:)

I måro skal golva vaskes og bjørka pyntes med egg, og då er påsken her:)

Gleder meg til fri, late og rolege dager samen med familien, og blir været som lova blir det ein aldri så liten båttur og':)

Ønsker dåke alle ein flott påske!
Kos dåke masse!

Påskeklem fra meg

fredag 8. april 2011

Forandring fryder♥

I går var mor i huset klar for litt forandring...


...så når middagen var inntatt sette eg i gang...Den lyse og den mørke sofaen skulle få bytte plass Med mannen på jobb måtte eg klare alt sjølv :o


Litt seint blei da, men SÅ eg kosa meg, til langt på kveld!!!!
Og dei som kjenner meg veit at forandring fryder (meg)....så her er det berre fryd i dag


Ei ny hylle over sofaen er komt i hus, og oppå der har mine første sko fått hedersplass
Under heng søte detaljer fra Fem Høns. Ein flott butikk proppfull av alt du kan tenke deg av interiør, og som me Stordingar er så heldige å få nyte godt av


Den gamle kommoden har endelig fått handtak. Lurte lenge på kva eg skulle velge, men enda opp med handtak fra Biltema som eg har mala. Syns dei passa fint, og ingen kan sjå at dei er kjøpt på Biltema;)


Oppå den gamle kommoden står nokre av mine gamle skattar, det gamle bilde og pumpeflaska er bruktfunn mens den kvite vogga har mannen laga på sløyden.


 

Den gamle salmeboka er og' eit bruktfunn, og er ein fin kontrast til alt det kvite syns eg.


Interiør og forandring er gøy!!! Det gir meg mykje glede
Og det er SÅ mange fantastiske interiørbloggar som inspirerar og gledar meg der ute
Tusen takk kjære dåke, kva skulle me gjort uten interiør?


FIN FREDAG TIL DÅKE ALLE

Klem fra Torill

lørdag 2. april 2011

Jentekveld i loftstova



I kveld skal den nymalte loftstova innvies
Eldstejenta har nemlig overnattingbesøk og taco, film og smågodt står på programmet
(så etter taco'en blei eg kasta ut...eller ned..)
Føles av og til som om me har ein fjortis i hus, men ho er berre 8 år...og mammo vil at ho skal vere liten ei stund til

Loftstova har eg malt i samme gråfarge som gangen. Og med nokre nye puter fra Princess var stova klar for jentekveld
 (veldig dårlige og mørke bilder, men men)


Nyt resten av lørdagskvelden
Her blir det nok mykje fnising og knising...før det blir natt
Men med mannen på jobb og jentene på loftet har eg flata ut på sofaen....
....med beina høgt, pc'en på fanget og ei hand i smågodtposen har eg det godt

Mmmmmm...

torsdag 31. mars 2011

Har ikkje alltid vore like kvit☺

Eg har ikkje alltid vore like kvit, viss det går ann å sei det på den måten.....

Det har samla seg nokre svarte rammer oppgjennom åra her i huset og'. Men å la dei bli liggende i ei skuff syns eg var for gale, derfor har dei fått sin eigen plass no.


Dei er blitt til eit aldri så lite galleri i trappeoppgangen til 2.etg... så blir ikkje turen opp og ned så lang
Mange koselige bilder og mange koselig minner




Tenk at me no er kommet til APRIL!
Me har ei deilig tid foran oss folkens


Nyt den første april dagen i måro
(..og pass på så du ikkje blir lurt)

Klem

søndag 27. mars 2011

Kjøkken, kjøkken og atter kjøkken☺

Eg er veldig glad i kjøkkenet vårt, og det er nok derfor det ofte blir blogginnlegg derfra.


Det er ikkje kvar dag det ligg eit strikketøy på kjøkkenbordet mitt, men i dag gjer det altså det Eg held på å strikke ein kjøkkenklut!
Fritidsproblem vil nok noken kalle det, men dei skal visst vera knallgode....og når dei i tillegg er så fine måtte eg prøvaSå gjenstår det å sjå om det blir med den eine...


Årets første påskeliljer har fått plass på kjøkkenbordet


Me hadde eit nydelig vær i går, skikkelig vår...trur nesten eg fekk litt farge på nasa etter ein herlig dag ute
Men i dag våkna me til sludd og vintertemperatur igjen....
Men det har sin sjarm slike sure og kalde dagar og....perfekte for huslige innesyslar
Og eg er veldig glad i sånne dagar og eg


Så etter ein tur på Plantasjen blei det litt flytting, bytting, stasjing og ordning i dag og


Ei Basilikumplanta pyntar på kjøkkenet og lager ei deilig lukt.


Denne krakken er kjøpt på Ikea, og etter eit strøk med maling....ja så blei den kvit den og:)
Den er veldig god å ha når jentene skal hjelpe til på kjøkkenet


Syns denne kassen med handtak var så koselig.....det er ikkje berre planter dei har på Plantasjen....dei har MASSE anna fint og'



Kjøkkenstolane har eg nylig trekt om. Vil du lese meir om det kan du gjere det HER.


Det har blitt lite tid til blogging på meg i det siste, men no skal eg ha meg ein runde og suge til meg masse inspirasjon fra alle dåke flotte bloggdamer


Så då vil eg berre ønska dåke ein fortsatt fin søndag 
...og ei god ny veke


Klem fra Torill 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...