søndag 16. oktober 2011

Stor seng - stor stas!


Her kjem litt bilder fra minstejenta sitt rom. Ho er nett fylt 3 år og har nylig flytta over fra sprinkelseng til stor seng - STOR STAS!


Senga er den eg hadde heima på jenterommet, den har berre fått eit strøk med kvitmaling sjølvsagt.
 

Kjøkkenkroken, som mannen har laga av ein gammel kommode. Her kan du lese meir om då den vart til.

 

Og med alt dette rosa ønsker eg dåke alle ein fortsatt fin søndag!!

torsdag 13. oktober 2011

Nye vestar♥

Heldige er me som har ei farmor som er så flink å strikka:)


Då eg såg desse vestane var eg ikkje sein om å be svigermor om hjelp, siden eg sjølv ikkje er så flink med strikkepinnene;)
Vestane blei kjempe fine, samtidig som dei er så varme og gode...sånt liker mammaer og sånt liker små jenter som liker å pynta seg;)

Vester og oppskrifter finn du her på Sandnes Garn sine sider.


Då vil eg berre ønska dåke alle ein fortsatt fin høstdag:)
Her skinn sola, så me må ut!

Klem Torill

søndag 9. oktober 2011

Påfyll;)

Dette har vore ei deilig helg. Ei helg med god tid og masse kos:)


I dag har det stort sett regna heile dagen så me har kost oss inne med fyr i ovnen, Karius & Baktus på TV og deilig søndagsmiddag.


Været i går derimot var nydelig! I flott høstvær sette me kursen mot Ryvarden Fyr. Eit fyr heilt i havgapet...
Ein liten times kjøretur fra Stord og så ein halvtime til fots.


Grusveien var perfekt for dei små på sykkel. Dei sykla sjølv heile veien, med berre litt hjelp i oppover bakkane;)
Så var me der....med utsikt rett til havs!!!!!
Ein tur eg virkelig anbefaler for dei av dåke som bur på desse kanter! Her kan ein både ha med barn i vogn og på sykkel, og ikkje er det langt å gå heller.


Eg håper du og har hatt ei fin høsthelg:)
Det er slike helger som dette som gir meg påfyll, påfyll på batteri som skal vare heile vinteren.



Ønsker deg ei flott ny veke!

Klem Torill

fredag 30. september 2011

God Helg♥

 
Så var det helg igjen!!
Og med dette flotte været kan det ikkje bli anna enn bra:)


At gradestokken kryp opp mot 20 gr siste helga i september er nesten ikkje til å tru!
Men dette skal nytes!


Viser bilder fra ein liten krok av stova i dag....og grunnen er enkel; resten var rett og slett ikkje bloggbart;)


God helg alle sammen

KLEM

torsdag 15. september 2011

Formiddagen på trappa


Her i huset blei det ein ufrivillig ekstra fridag i dag, etter at minstejenta stupte i stovebordshjørnet igår og resten av dagen blei tilbrakt på sjukehus med kutt over auga... Stakkar lille engelen min


I dag er alle ved godt mot igjen, og da blir ein rolig dag heima.


Pasienten sjølv begynte dagen med ein tur i hønsehuset etter egg. Med  plaster over auga, men like blid


Etterpå ville ho hjelpa mammo å vaske trappa,,,,


Og med ei bøtte full av vatn følger bøttevis med tålmodighet...


...så då blei det tid til ein lyngkrans til døra, mens min gode hjelpar vaska trappa.

Her skal det bakes boller, så då vil eg ønska dåke alle ein fortsatt fin torsdag
I morgon er det helg igjen!!!!

Klem fra Torill

tirsdag 23. august 2011

Prosjekt Hage


Me har ikkje berre vore på båttur i sommar
...det har skjedd litt i hagen og'


Og det til min store glede!!!
Eg elskar nemlig å sjå at ting begynne å ta form. Det kan liksom ikkje skje fort nok....


I år stod endelig muren under terrassen for tur! Den har mannen i huset bygd av naturstein kjøpt på paller.
Og lenge før han var ferdig stod eg klar med jord, planter, benk, puter og pledd - utolmodig som eg er


Min første Clematis har fått plass på muren. Gleder meg så til å sjå om den vil trives hos meg....om den vil vekse og bli like stor og fin som den eg såg i Vakre Hjem her ein dag... Drømme


Tusen takk for besøket, kjekt at du tok turen innom meg
...og ei fortsatt god veke til deg
Klem fra meg

lørdag 20. august 2011

Innevær og innekos!

Ute regnar det, så kva passer vell bedre enn å tenna lys og kosa seg inne?:) Det har iallefall eg valgt å gjera i dag, mens eg ventar på sola som kjem i ettermiddag...
Det er ikkje kjekt at sommaren er på hell, men hausten har sin sjarm den og'....med mørkare kveldare og meir innekos:) (Kanskje blir bloggen prioritert meir og'?)
Tilslutt lure eg med eit bilde av ei glad eldstejenta klar for venninna's bursdagsfeiring i formiddag
I neste innlegg tenkte eg å visa litt fra Prosjekt Hage i sommar...det har ikkje skjedd så mykje, men litt:)

 Ønsker deg ei fortsatt fin helg!

Klem fra Torill

søndag 31. juli 2011

Ferie og båtliv☺

Det har vore lite eller ingen blogging fra denne kant så langt i sommar. Det har liksom ikkje blitt priotert Familie, ferie og båtliv har stått øvst på lista
(men takka vera iPhone har eg vore innom dåke...sjølv om eg ikkje har lagt igjen nokre spor etter meg....)

Så med lite nytt på interiørfronten heime, fant eg ut at eit innlegg fra båten var på sin plass...siden det er her me oppheld oss mest for tida
For litt interiør har eg klart å lurt med meg i båten og'...det er ikkje mykje som skal til for å gjere det heimakoselig rundt seg.

Sjølv om mannen ikkje ser noko nytte i dette og sukka litt oppgitt då eg kom drassende med det, kjenner han meg så godt at han skjønna at sånn måtte det berre bli. Med sklimatter under står det trygt og godt

Nytt interiørblad er eit "must" for båtturer, og då er det jo viktig at ein har ein plass å ha dei;) Denne fant eg på Plantasjen i vår, og har hatt blader i den på kjøkkenet siden...men den passa jo og' perfekt her i båten og'.
Som dåke sikkert har forstått er båt blått for meg...blått og kvit...SOMMAR
Me har hatt nokre herlige dagar og veker på sjøen sammen med gode venner i sommar, og med 1 veke igjen av ferien håpar me å få endå nokre fine dagar
Sommarklem fra Torill

onsdag 1. juni 2011

Flueskapet mitt:)


Av mangel på anna å blogge om viser eg bilder av flueskapet mitt (som det så fint heiter). Eg har hatt det ei stund men det har vore for stort for kjøkkenbenken....men no har mannen  saga av beina så det akkuratt går mellom over- og underskapet



...det gjorde at kjøkkenbenken blei litt meir bloggbar og det blei litt kjekkare å ta oppvasken - iallefall syns eg det
Den gamle blå fiskeausa er eit bruktfunn og den kvite sila er kjøpt på Åhlens.

Så var det den heimestrikka kjøkkenkluten min då....må innrømme at det blei med den eine, sjølv om eg syns den er både dekorativ og god å vaske med. Mannen syns det var litt uvant seier han, han føler han vasker kjøkkenbordet med ein strikkegenser....hi hi - alt blir ein vane til slutt

Oppskrifta til kluten finn du her HER hos Laila med den flotte bloggen Lille Lailas blogg.


Her i huset er me klar for ei skikkelig langhelg no, skal bli så deilig Og me krysser det som krysses kan for at været blir litt bedre 

God Helg

søndag 29. mai 2011

Eg fant, eg fant!

 

Med mann og barn ventene i bilen skulle eg berre ein kjapp tur innom den lokale bruktbutikken denne veka! Kan tru det var ei som hoppa glad ut igjen med dette flotte bordet under armen til gi-bort-pris LYKKERUS
(og ein litt oppgitt mann som måtte hjelpe å bære)


Bordet er eit slikt bord eg berre har drømt om, og som eg stadig ser rundt om i blogglandia. Dei flotte beina er jo til å spis opp!!!!


Eg hadde nesten ikkje fått det i hus før eg var i gang med maling:) Og med den mørke grønnfargen blei det nokre strøk - trur nok eg må ha eit til og....


(Eg har fått spørsmål om hjerteranken min, om eg har nokre tips til å få den til å vokse og trives.... Egentlig ikkje...eg har ikkje akkuratt grønne fingara.....men trur den treng ein del lys og fuktighet... I tillegg klipper eg den av og til, og det som eg klipper av planter eg opp i potta samen med resten av planta. På den måten blir den litt "kraftigere")

Denne gang blei avklippet planta i ei ny potte. Så gjenstår det å sjå om den vil vokse og trives;)


Tusen takk for mange koselige tilbakemeldinger, det gleder meg virkelig!

Til slutt vil eg ønska dåke alle ei god ny veke, måtte sommaren snart komme
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...