Her har helgefreden senka seg, ungane er i seng og pappsen har reist i Nordsjøen igjen:( ...Så no blir det 2 laaaange veker aleina med ungane:( Men når han kjem heim er det jo nesten jul:)!!!
Eg har begynt på jentenes julekalenderen i kveld. Er så koselig å laga pakkekalender syns eg, i tillegg til at den pyntar så fint på kjøkkenet:) Lurte på om eg skulle henga den opp i kveld, men trur det er ei som kjem til å slite ut heile kalenderen før helga er omme då;)
Skal vise bilder av kalenderen når den er kommet opp på veggen:)
Pepperkakehjertene fra i fjor er derimot kommet opp i kjøkkenvinduet:) Dei laga me i fjor og pakka vekk når jula var over. Dei var like fine i år:) Dei har fått påskrifta "Pappa", "Thea", "Liva" og "Mamma". Koselig:)
***
***
Desse skoa som heng på kjøkkenhylla tok eg mine første skritt i:) Sølvrangla hadde pappsen når han var liten:)
I morgon blir det litt meir juleforbredelser, adventstaken må på plass, er jo første søndag i advent på søndag!:)
Ha ein fortsatt fin kveld alle der ute:)
No skal eg sjå Senkveld:)
***
Hei Torill!
SvarSlettMå sei eg like bloggen din veldig godt! Flink du er:) Eg er og nordsjøenka om dagen med sjukt barn. Slitsomt og travelt, men det er løye kva me klarer når me må.
Har henta mykje inspirasjon no, og innser at eg må ut å handla litt i dag. God betring i heimen, kanskje me sjåast snart!
Klem frå Linda