søndag 12. desember 2010

♥ To bloggbare julevaska jenterom ♥

Her har dei voksne vore litt trøtte i dag;) Etter ein kjempekoselig kveld hos Ann Kristin og Vegard med god mat og gode venner i går var det godt å ta det litt med ro i dag:)
Det blei ein liten tur gjennom skogen i nydelig ver, før det bar opp på loftet for å rydda jentene sine rom.
 Ein passende aktivitet på ein sådann dag;)


Timane gjekk og ryddig blei da:) Etter å ha gått gjennom både skuffer og skap blei det plutselig mykje bedre plass.
Bli med inn så skal du få sjå, mens det fortsatt er bloggbart;)


Som dåke ser er det rosa som råder på begge romma:)
Syns da skal vera "litt" rosa på eit jenterom eg:)



Akvariet fekk Thea til 8 årsdagen. Oppi har ho to gullfiskar, Milly og Molly.


Denne hylla laga eg då eg gjekk på ungdomskulen. Synes det er veldig koselig at den blir brukt i dag:)


Dette flotte bilde har Tante Klara Sofie (jentene si tante) mala til Thea, på ei kryssfineplate. Eit kjempefint bilde som ho har hatt på rommet sitt siden ho var baby.

 
Den rosa liftgardina med prinsessekroner fant eg på Princess, mens blomsterlampen over senga er kjøpt på Ikea.
  
  

Begge romma er mala i fargen eggekvit. Mens Thea har fått ein heil vegg rosa, har eg laga rosa rundingar (ved hjelp av heimelaga papirsjablongar) hos Liva.

Da blei litt av eit bilderas! Håpe ikkje dåke syns da blei for mykje:)

Ha ein fortsatt fin kveld og ei fin ny veke:)

♥ ♥ ♥

onsdag 8. desember 2010

På tjukken:)

Her har me bakt pepperkakehus i dag:)
Ja, BAKT! Det er første året eg ikkje har kjøpt ferdig pepperkakehus. "Trur kanskje da hadde blitt litt finare viss me hadde gjort sånn som me pleie mamma...sa Thea når huset endelig stod ferdig bygd;) Jaja, sjølvgjort er vellgjort.....er det noko som heite:) Så her har me laga pepperkakehuset sjøl i år!!!!!!!:)
Det blei ikkje tid til pynting før leggetid så dåke skal få sjå resultatet i måro:) Berre gle dåke;)

Så siden eg ikkje har noko å ta bilde av i kveld ....blei det bilde av ho som ligg på fange mitt;)


Ninni, pusen vår, venter nemlig kattungar:o Ho er hvertfall blitt rimlig tjukk:) Veit ikkje akkurat kor tid termin er, men innen eit par veker...


Ungane synes detta e stor stas, mens mammo er lettare fortvila....trudde ikkje da va "kattungetid" no???
Ninni er ein nydelig Ragdoll rasekatt, med eit veldig barnevenlig lynne:)

Så.....er det nåken som ønsker seg ein søt liten kattunge til jul.........?:)

No er det handball og beina høgt her;)

Me snakkes:)

tirsdag 7. desember 2010

Fridag:)

Etter nokre travle veker på jobb pga omlegging til nytt datasystem er det deilig å få tilbake den eine fridagen i veka - både for store og små:)
Så i dag har me berre kost oss, fyrt i ovnen, spist frokost til God Morgen Norge og putla med huslige ting:)


Då eg kom ut på kjøkkenet i stad tok eg ein pepperkaketjuv m/sovesveis på fersken;)
"Eg maka sånn jeta, mamma?" (Eg smaka sånn hjerta,mamma)


Den nye duken på kjøkkenbordet er faktisk eit rødt kjøkkenhankle som har fått seg ein omgang med strykehjernet;)



Adventslysa har me fyr på kvar dag. Kjekt med kubbelys, dei brenn så lenge:)


Her er det vist ei som vil inn i varmen:)


Mens mammo har gått rundt å rydda, tørka, flytta og pynta......har Liva pynta litt ho og;) Hopsi Deisi og vennene har inntatt den "gamle kassen". Den var eg så heldig å få kjøpa på Ica Maxi (av alle plassar) for ei stund tilbake. Kassen er kjempe tøff, og kjekk å ha både blad, tepper eller ved i....for øyeblikket blad, som Liva og har rydda i idag...


Fuglehuset oppå kassen kjøpte eg på Pandura Hobby, då var det ubehandla. Men etter ei strøk med terrassebeis blei det kjempefint:)


No skal me ut å nyte det flotte veret før formiddagskvilen:)

Ha ein flott Tirsdag:)

søndag 5. desember 2010

Juleevangeliet


Eg har kjøpt meg denne nydelige fyrstikkeska i helga, der juleevangeliet står skrevet på baksida:) Syns den er så fin!:) Ingenting er kjekkare enn når ein kan pynte med ting som og er til nytte:) (Ikkje sant kjære?:)) 


...ikkje berre inneheld den fyrstikker men i tillegg har eg jo heile juleevangeliet om eg skulle få bruk for det;) :):):)


***



Til slutt kan eg fortelja at det har flyttet ei lita mus inn i sinkhuset mitt:)

Ha ein fin kveld og ei fin ny veke:)

lørdag 4. desember 2010

Jul i vårt hus - NIB utfordring

Norske Interiørblogger (NIB) si utfordring for desember 
er  "Jul i vårt hus" ! 
Her er mitt bidrag ;


Å pynte til jul er kjempekoselig:) Tar fram litt etter litt etterkvart som jula nermar seg meir og meir:)
Spesielt kjøkkenet synes eg det er stas å pynta. Kjekt å få inn litt røde detaljer i eit ellers ganske lyst kjøkken:)



 Adventskalenderen til jentene er jo pynt i seg sjøl:) Dei har ein kalender i
lag som dei opner annakvar dag....går faktisk veldig fint:)



Kjøkkenhylla har og fått nokre røde innslag;) 1 meter rødrutete sløyfebånd og nokre nissar kan gjere ei vanlig hylle om til ei julehylle:)



***


Til slutt vil eg med dette bildet fra trappa vår i kveld få ønska alle der ut ei fin førjulstid:)


fredag 3. desember 2010

BoligDrøm og beina på bordet:)


Er berre ein liten tur innom for å ønska dåke ei GOD HELG:)


Etter ei laaaang veke med sjuke barn, mann i nordsjøen og travelt på jobb..... (hadde aldri gått uten god hjelp fra pappa og mamma) er det utrulig godt at det endelig er helg:) No skal eg kosa meg med nytt blad og julesnop;)


Synes sviblane er så flotte no, akkurat passe langt kommet. Kjenner lukta av dei med ein gong eg opner døra. Deilig:)

God helg alle sammen:)
Klem:)

mandag 29. november 2010

JULEKALENDER 2010


Då var julekalenderen kommet på kjøkkenveggen:) Fekk gjort den ferdig i går kveld og
jentene blei storfornøyd då dei stod opp i dag. Minsta jento trur nok da berre er noko nytt mammo skal ha til pynt på kjøkkenet..... "oy, masse pakkar" var det einaste ho sa..... Mens Thea har venta leeeenge på detta:)


Kalenderen har eg kjøpt på Bohus. Tidligere år har me hatt ein kalender med "lommer", men det var ikkje så lett å finne pakker som passa i dei små lommene......så i år prøver me noko nytt:)


Ellers har influenso inntatt huset her:( Så eg og Liva har hatt heimadag i dag:) Me har fyrt i ovnen så da knaka og kost oss på sofaen med kvar vårt MAMMAblad og tutt;)


Ha ei fortsatt fin ny veke:)
Klem:)


søndag 28. november 2010

"Ta meg med heim!"


Då var det første lyset på adventstaken tent:)


Adventstaken vår er veldig enkel. Me har hatt denne dei siste åra, berre bytta ut pynten oppi....I år har eg fylt den med mose. Oppå har eg lagt nokre rullar med noter, englar og eit sløyfebånd. Enkelt og greit:)



Eg berre visa det søte huset som stod og ropte på meg på veg ut av butikken i går...."ta meg med heim!" ....eg kunne ikkje berre gå!?:) Så med heim blei da, og eg angrar ikkje! Var det ikkje fint? Kjempe lite, men kjempe søtt:)


God Advent Damer:)
Klem fra meg:)

fredag 26. november 2010

JULEKALENDER på ein fredagskveld:)

Her har helgefreden senka seg, ungane er i seng og pappsen har reist i Nordsjøen igjen:( ... no blir det 2 laaaange veker aleina med ungane:( Men når han kjem heim er det jo nesten jul:)!!!
Eg har begynt på jentenes julekalenderen i kveld. Er så koselig å laga pakkekalender syns eg, i tillegg til at den pyntar så fint på kjøkkenet:) Lurte på om eg skulle henga den opp i kveld, men trur det er ei som kjem til å slite ut heile kalenderen før helga er omme då;) 
Skal vise bilder av kalenderen når den er kommet opp på veggen:)


Pepperkakehjertene fra i fjor er derimot kommet opp i kjøkkenvinduet:) Dei laga me i fjor og pakka vekk når jula var over. Dei var like fine i år:) Dei har fått påskrifta "Pappa", "Thea", "Liva" og "Mamma". Koselig:)


 ***


***


Desse skoa som heng på kjøkkenhylla tok eg mine første skritt i:) Sølvrangla hadde pappsen når han var liten:)

 I morgon blir det litt meir juleforbredelser, adventstaken må på plass, er jo første søndag i advent på søndag!:)

Ha ein fortsatt fin kveld alle der ute:)
No skal eg sjå Senkveld:)

***
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...