tirsdag 21. desember 2010

Azalea ♥ jul


Eg synes Azalea er veldig jul, så i går blei desse to mine:) Eg har ikkje spesielt grønne fingrar så det gjenstår å sjå kor lenge dei blir;)


Denne vesle "palma" i sinkbøtta blei og' med heim fra Plantasjen. Veit ikkje heilt kva plante det er, egentlig var eg på jakt etter eit oliventre men det hadde dei ikkje...denne liknar jo litt....


Det er ein større versjon av denne sinkbøtta som blir juletrefot her i huset i år:))
I måro skal me pynte treet, så då gjenstår det å sjå om me får treet til å stå i bøtta.... Mannen i huset har lova å finna ei løysing på det:)

I kveld har Thea hatt 5 klassevenninner på julekvelds:) Dei koste seg med ein heilt enkel grovbrødkvelds. Med seks 8-åringer rundt bordet satt både latter og prat laust. Etterpå bar det inn i sofaen for å sjå PAKTEN. Ein koselig jentekveld med MASSE fnising:)


Ha ein fin kveld alle sammen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...