søndag 19. desember 2010

Jul i hønehuset;)

No er det jul i hønehuset og':) Eg har nett vore ute med 2 nissar til hønene.....dei passa jo egentlig veldig bra til den fine kappa som heng der. Den har mannen i huset sydde på barneskulen:) (Ei kappe med hønestempel)


I hagen har me nemlig eit lite hønsehus på ikkje meir enn 1,5m2, der det bur 4 små høner. Dei forsyner oss med egg kvar dag. Egg som er litt mindre enn vanlige, men utrulig gode:)


Kan tru det er stas å vera to år og henta nyverpa egg kvar dag:)
Desse bilda er fra i sommar, men syns dei er så søte....

Her har pappen klipt plenen mens Liva mater hønen med det nyklipte gasset:) Då kjem Hello Kitty trillebåra godt med;) Ein spennande og krevande jobb for ei lita jente....



Høner i hagen er virkelig å anbefale. Lite arbeid, men mykje glede:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...