onsdag 1. juni 2011

Flueskapet mitt:)


Av mangel på anna å blogge om viser eg bilder av flueskapet mitt (som det så fint heiter). Eg har hatt det ei stund men det har vore for stort for kjøkkenbenken....men no har mannen  saga av beina så det akkuratt går mellom over- og underskapet



...det gjorde at kjøkkenbenken blei litt meir bloggbar og det blei litt kjekkare å ta oppvasken - iallefall syns eg det
Den gamle blå fiskeausa er eit bruktfunn og den kvite sila er kjøpt på Åhlens.

Så var det den heimestrikka kjøkkenkluten min då....må innrømme at det blei med den eine, sjølv om eg syns den er både dekorativ og god å vaske med. Mannen syns det var litt uvant seier han, han føler han vasker kjøkkenbordet med ein strikkegenser....hi hi - alt blir ein vane til slutt

Oppskrifta til kluten finn du her HER hos Laila med den flotte bloggen Lille Lailas blogg.


Her i huset er me klar for ei skikkelig langhelg no, skal bli så deilig Og me krysser det som krysses kan for at været blir litt bedre 

God Helg
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...