søndag 16. oktober 2011

Stor seng - stor stas!


Her kjem litt bilder fra minstejenta sitt rom. Ho er nett fylt 3 år og har nylig flytta over fra sprinkelseng til stor seng - STOR STAS!


Senga er den eg hadde heima på jenterommet, den har berre fått eit strøk med kvitmaling sjølvsagt.
 

Kjøkkenkroken, som mannen har laga av ein gammel kommode. Her kan du lese meir om då den vart til.

 

Og med alt dette rosa ønsker eg dåke alle ein fortsatt fin søndag!!

torsdag 13. oktober 2011

Nye vestar♥

Heldige er me som har ei farmor som er så flink å strikka:)


Då eg såg desse vestane var eg ikkje sein om å be svigermor om hjelp, siden eg sjølv ikkje er så flink med strikkepinnene;)
Vestane blei kjempe fine, samtidig som dei er så varme og gode...sånt liker mammaer og sånt liker små jenter som liker å pynta seg;)

Vester og oppskrifter finn du her på Sandnes Garn sine sider.


Då vil eg berre ønska dåke alle ein fortsatt fin høstdag:)
Her skinn sola, så me må ut!

Klem Torill

søndag 9. oktober 2011

Påfyll;)

Dette har vore ei deilig helg. Ei helg med god tid og masse kos:)


I dag har det stort sett regna heile dagen så me har kost oss inne med fyr i ovnen, Karius & Baktus på TV og deilig søndagsmiddag.


Været i går derimot var nydelig! I flott høstvær sette me kursen mot Ryvarden Fyr. Eit fyr heilt i havgapet...
Ein liten times kjøretur fra Stord og så ein halvtime til fots.


Grusveien var perfekt for dei små på sykkel. Dei sykla sjølv heile veien, med berre litt hjelp i oppover bakkane;)
Så var me der....med utsikt rett til havs!!!!!
Ein tur eg virkelig anbefaler for dei av dåke som bur på desse kanter! Her kan ein både ha med barn i vogn og på sykkel, og ikkje er det langt å gå heller.


Eg håper du og har hatt ei fin høsthelg:)
Det er slike helger som dette som gir meg påfyll, påfyll på batteri som skal vare heile vinteren.



Ønsker deg ei flott ny veke!

Klem Torill
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...