lørdag 15. september 2012

Kjøkkenbilder på ein lørdag

 Her kjem litt bilder fra kjøkkenet vårt.
Ikkje mykje nytt siden sist, men har fått ny lampe over kjøkkenbordet (eller ny og ny...eg fekk den til jul). Er kjempefornøyd med lampen, den gav liksom kjøkkenet eit litt røffare uttrykk, samtidig som den gir eit fint lys over bordet.

Glassflaska med den svarte korken fekk eg av mannen sist han kom heim fra reisejobb. Dei blei brukt til oljeprøvar fortalte han. Og heilt av seg sjølv fann han ut at det var nok ei slik flaska som konemor likte:) Og den passa jo perfekt og konemor blei hoppande glad!!! ..og ein smule rørt...kjenne han meg godt?
På kjøkkendisken går det fortsatt ein del i blått hos meg. Syns det er ein farge som passar så godt på eit kjøkken.
 Denne kvite herligheten fekk eg og' til jul:) 
Om den ikkje blir brukt kvar dag gjer det ingen ting - eg blir glad berre av å sjå på den;)
Til slutt vil eg sei tusen takk for fine helsingar under forrige innlegg Kjekt at dåke fortsatt finn veien inn her til tross for null innlegg siste halvår;)
 
Den skitne grautpanna fra lørdagsgrauten kom heldigvis ikkje med på bilde, men den skal eg vaska no;)
 
Ønsker dåke alle ein fortsatt fin lørdag
 
Klem fra Torill


mandag 3. september 2012

♥Ein liten prins♥

Her har det vore veldig stilt i det siste - ikkje eit einaste innlegg på over eit halvt år.... 
 
 
 
...og her er nok noko av grunnen:
Denne deilige bylten kom til verden for ganske nøyaktig 2 måneder siden.
 
 
 
Så her går det meste av tida med til kos og stell. Og for 2 hjelpsomme storesøstre er det stor stas med ein liten prins:)
 
 
Så gjenstår det å sjå om tida strekker til, om bloggen får meir tid framover...
 
Uansett, å lese andre sine bloggar det har eg alltid tid til. Så ein runde rundt i blogglandia om kvelden, med ein liten på armen, skal eg få til;)
 
Då vil eg ønska deg som titter innom ein fin kveld
 
Klem fra Torill

mandag 2. januar 2012

Godt Nytt År!!


Då er både jul og nyttår over for denne gong, og me er allerede i gang med 2012. Etter veker med late dager og masse god mat samen med familie og venner - er det godt å møte kvardagen og rutinar igjen.


Med bilder fra nyttårsafta`s pynta langbord vil eg ønske alle mine følgjere 
Eit Riktig Godt Nytt År!!


Eg vil takke dåke som har lagt igjen så mange fine ord her hos meg i året som har godt, dåke som trufast titter innom og dåke nye som kjem til:)

Eg gleder meg masse til eit nytt år med interiør, kreativitet og mange flotte bloggar!

Stoooor klem fra meg
Tilslutt eit bilde av ein liten tigergutt (eit tantegull)
som ønsker alle eit spennande nytt år;)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...