torsdag 31. mars 2011

Har ikkje alltid vore like kvit☺

Eg har ikkje alltid vore like kvit, viss det går ann å sei det på den måten.....

Det har samla seg nokre svarte rammer oppgjennom åra her i huset og'. Men å la dei bli liggende i ei skuff syns eg var for gale, derfor har dei fått sin eigen plass no.


Dei er blitt til eit aldri så lite galleri i trappeoppgangen til 2.etg... så blir ikkje turen opp og ned så lang
Mange koselige bilder og mange koselig minner




Tenk at me no er kommet til APRIL!
Me har ei deilig tid foran oss folkens


Nyt den første april dagen i måro
(..og pass på så du ikkje blir lurt)

Klem

søndag 27. mars 2011

Kjøkken, kjøkken og atter kjøkken☺

Eg er veldig glad i kjøkkenet vårt, og det er nok derfor det ofte blir blogginnlegg derfra.


Det er ikkje kvar dag det ligg eit strikketøy på kjøkkenbordet mitt, men i dag gjer det altså det Eg held på å strikke ein kjøkkenklut!
Fritidsproblem vil nok noken kalle det, men dei skal visst vera knallgode....og når dei i tillegg er så fine måtte eg prøvaSå gjenstår det å sjå om det blir med den eine...


Årets første påskeliljer har fått plass på kjøkkenbordet


Me hadde eit nydelig vær i går, skikkelig vår...trur nesten eg fekk litt farge på nasa etter ein herlig dag ute
Men i dag våkna me til sludd og vintertemperatur igjen....
Men det har sin sjarm slike sure og kalde dagar og....perfekte for huslige innesyslar
Og eg er veldig glad i sånne dagar og eg


Så etter ein tur på Plantasjen blei det litt flytting, bytting, stasjing og ordning i dag og


Ei Basilikumplanta pyntar på kjøkkenet og lager ei deilig lukt.


Denne krakken er kjøpt på Ikea, og etter eit strøk med maling....ja så blei den kvit den og:)
Den er veldig god å ha når jentene skal hjelpe til på kjøkkenet


Syns denne kassen med handtak var så koselig.....det er ikkje berre planter dei har på Plantasjen....dei har MASSE anna fint og'



Kjøkkenstolane har eg nylig trekt om. Vil du lese meir om det kan du gjere det HER.


Det har blitt lite tid til blogging på meg i det siste, men no skal eg ha meg ein runde og suge til meg masse inspirasjon fra alle dåke flotte bloggdamer


Så då vil eg berre ønska dåke ein fortsatt fin søndag 
...og ei god ny veke


Klem fra Torill 

onsdag 23. mars 2011

♥Tusen takk♥


Eg har vore så heldig å få 4 awarder, fra 4 flotte damer
Tusen takk kjære dåke, for at dåke tenkte på meg når dåke skulle gi desse

Utrulig kjekt med slike tilbakemeldingar, det varmer virkelig mitt blogghjerta

har eg fått av;

Ein kjempekoselig og kreativ blogg drevet av 3 søsken. Full av både flotte bilder og koselige vers og rim. Gjennom bloggen kan ein og' kjøpe både hyller og anna som Bestefaren har laga

Caroline har ein blogg eg henter mykje inspirasjon fra. Sjølv om maling ikkje er det ho liker best er malekosten framme både titt og ofte:) 

Ein blogg proppfull av kreative tips og tankar, og ikkje minst mange koselige kvardagsglimt. Lillemor er i tillegg mi gode klubbvenninne


har eg fått av:

Ein kjempefin blogg som var ein av dei første eg begynte å følge. Laila er virkelig kreativ og flink med henden. Ho har tilogmed klart å inspirere meg til å strikke...lyseblå kjøkkenkluter etter oppskrift fra Laila er under arbeid her oss meg no nemlig

***
8 ting om meg
- Eg elsker min kjære og våre 2 jenter over alt på jord
- Eg er ei skikkelig "hønemor"
- Eg er veldig glad i å male (forandring fryder)
- Eg er veldig heimakjær (borte bra, men hjemme best)
- Eg er dårlig på å sy og strikke (men har så veldig lyst)
- Eg hater å vaske kler
- Eg liker å sova:)
- Eg skal sykle Nordsjørittet i år:)!


***

Nydelige blogger alle tre som absolutt er verdt å ta en titt på!

Eg har eit inntrykk av at det er ein god del Awarder der ute om dagen, så eg velger å la ver å sende desse videre...
Håper dåke skjønner meg:)

* * * * *
Til slutt bilde av mitt siste loppefunn:) Denne herlige grønn/blå stolen som blei min sist helg for kun 30,- kr. Trur den skal få beholde fargen ei stund....
(ei stund...???....kor lenge er egentlig ei stund??? Det er ikkje lenge, sant?:o)
  

Løkane i korga planta eg i vinter. Den har fått kommet inn i gangen siste veka, og no spirer det som berre det....DA E VÅR I GANGEN(om ikkje anna)!!!!!!


Ha ein fin kveld folkens
Eg blei kjempeglad for at du kikka innom meg

God natt

mandag 21. mars 2011

God ny veke♥

Vil berre ønska alle ein god start på ei ny veke


Eg har snopa meg ein herlig pose med tørka lavendel i helga.
Og med litt lavendel under telysa i kveld lukter det nyvaska hus
sjølv på ein mandag
Mmmmm
I morgon er fridagen min, og den er skal eg ta godt vare på


Ønsker dåke alle ein fin mandags kveld

Klem fra Torill

tirsdag 15. mars 2011

"Alfred Offshore"

I dag tenkte eg berre å komma med eit lite tips til alle som har ein pappa eller andre dei kjenner i Nordsjøen...


Denne boka "Alfred Offshore" fekk jentene av mannen då han kom heim etter ein tur i Nordsjøen. Og den er blitt veldig populær, spesielt hos eldste jenta, men og for mor i huset var dette ei interessant bok.

Boka gir svar på mange spørsmål...
Kva vil det egentlig sei å jobbe offshore? Kva gjer dei på der ute? Korleis kjem dei seg dit? Og korleis er arbeidsdagen? Korleis ser det ut "der ute"? Korleis ser det ut der sei søv? Det er kanskje ikkje så mange som veit det, sjølv om pappa, mamma eller andre ein kjenner jobbar i Nordsjøen. Heldigvis var bamsen Alfred også nysgjerrig  på dette, og då han fekk tilbud om å vera med offshore, var han ikkje i tvil: Alfred skulle offshore!

Med over 340 bilder er dette ei bok du verkeleg lever deg inn i.

Boka kan bestilles på alfred.bamse@enivest.net, men trur og du finn den på bokhandel.

Det var eit aldri så lite tips i fra meg:)

Då vil eg ønska alle der ute, enten med pappa offshore eller ikkje, ein fin kveld

Stor klem fra Torill

lørdag 12. mars 2011

Gangen


I dag tenkte eg visa fram eit rom eg ikkje har vist før...nemlig GANGEN vår:)


Gangen vår er nett blitt grå....
Syns gråfargar kan vera ganske vanskelige, så eg var ganske spent då eg opna lokket på malingspannet:o Men fargen var akkurat passe grå den



Den gamle kassen har fått ny plass i gangen. Oppi, samen med eit pledd og ei plante, står støvlane min, som er så fine i seg sjølv at dei godt kan stå til pynt når dei ikkje er i bruk


Dette var altså gangen vår


Her i huset har me virkelig kost seg i kveld, først på bading og så heim i tacofatet
...bedre enn det kan ein ikkje få det...jo pappen vår kunne vore heima samen med oss, han er nemlig reist offshore igjen:(

Ønsker dåke alle ei førtsatt fin helg

Klem fra Torill

onsdag 9. mars 2011

MALERKOSTEN - min beste venn☺

...Nei så gale er det ikkje, men det er jammen ikkje langt ifra:)
Eg elsker nemlig å mala, og grunnen er enkel - forandring fryder!!!!


Maleprosjektet dei siste dagene har vore denne gamle kommoden etter bestemora til mannen, ein krakk og nokre rammer. Etter ein omgang med pussepapir og litt maling passa kommoden fint inn i stova
Handtaka mangler, klarer ikkje bestemme meg...men eit lite innlegg av ein nesten ferdig kommode er vell lov...?



Den gamle dukkesenga på toppen av kommoden har mannen laga på sløyden...


Meir bilder fra stova kjem når malingsbøtta er rydda vekk og kommoden er heilt ferdig


Som nevnt maling er gøy! Og har eg ikkje noko å male,... lager eg (les mannen..) noko eg kan male:)


Av noko materiallrester fra kjelleren har mannen nemlig laga denne flotte kassen til meg
Snille mannen min, som berre ristar på hodet av alle mine krumspring:)
No har den nye kassen og' fått eit strøk med kvitmaling, og rommer både kokebøker og anna på kjøkkenet




Då skal rammene mine få eit siste strøk før dei skal opp på veggen


Ha ein superduper kveld folkens
Utrulig kjekt at du tok turen innom meg

Klem fra Torill

lørdag 5. mars 2011

Utfordring♥


Har fått ei utfordring frå Mette med den koselege bloggen Fjellro-sa
Takk Mette, eg tar utfordringa:)

4 TV-program eg ser på:
Tid for hjem
God kveld Norge
Senkveld
Livet på vent

4 ting eg har gjort i dag:
Sove frampå
Pussa ein arva kommode
Støvsugd
Sett 3-mila....eller ser 3 mila

4 ting på mi ønskeliste:
Vår
Nye gardiner i stova
Green Gate kopper (blå)
Speilreflekskamera

4 ting eg likar dårleg:
Støv
Lite søvn
Løgn
Dagen då mannen reiser offshore


Eg sender utfordringa vidare til 2 damer med 2 flotte bloggane:



Med ein blå perleblomst ønsker eg alle bloggdamer ei finfin helg

Her skal me ut og nyte finværet etter 3-mila (Heia Norge!!!)



Klem fra Torill

tirsdag 1. mars 2011

♥Blå vårstemning♥

Det hjelper å ønske seg.....
Tusen takk Renate og mamma
Denne nydelige blå serien til GreenGate står øverst på ønskelista mi for tida. Og no har eg fått mine første kopper:)
Det var ikkje meir som skulle til, no er det vår på kjøkkenet


Dei 3 (Drage) sølvskjeene i koppen har eg fått av mi gode mormor, som ho ein gong hadde fått av mi oldemor
Eg husker godt den dagen eg fekk dei...eg var sikkert ikkje meir enn 8 år. Eg hjalp mormor å pusse sølvtøyet hennes. Eg og mormor rundt kjøkkenbordet, husker det som om det var i går

Eldstejenta mi samler i dag på akkurat desse skeiene Drage heiter dei. Ein dag skal ho få mine 3 skeier.... 3 teskeier som ein gong har tilhøyrt hennes tippoldemor..





Her har kjøkkenet fått seg ein omgang med vaskebøtta i dag, så derfor eit bilderas derfra.....



 



Til slutt oppskrift på deilige knekkebrød
- veldige enkle å lage og knallgode som niste -

3,5 dl sammalt rug
3,5 dl havregryn
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1 dl valnøtter
1 st salt
Putt alle ingrediensene i en kjøkkenmaskin.
1 ts honning
7 dl vann
Bland en teskje honning ut i vannet og hell oppi sammen med resten av blandingen. Bland godt.
Ta deigen og fordel den utover to stekebrett slik at de fyller hele brettet. Sett i ovnen 180 grader i ca. 10 minutter. Skjær de to store knekkebrødene i passe knekkebrødstørrelse, med en pizzaskjærer e.l.
Sett tilbake i ovnen og stek i 30 minutter.
Legg knekkebrødene på rist og sett i ovnen med døren litt åpen i ca 15 min. Da får du harde, sprø knekkebrød.
Bon Appetit!

Ønsker alle ein knasende fin Tirsdagskveld

Klem fra Torill (godt planta i sofakroken)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...