mandag 28. februar 2011

Hei, hei
Er berre innom for å gi eit lite livstegn fra meg
Har vore lite tid til blogging i det siste, men kjem sterkere tilbake


Nesten ved ein tilfeldighet ramla eg inn på Antikk og Samle Messa i Haugesund på søndag. Og der var det masse fint - det kan eg love deg!! Nokre småting fant eg meg, men hadde pengeboka tillatt det hadde nok meir blitt med heim....

Dette gamle bilde uten ramme falt eg pladask for....så søtt, så gammalt og så meg!
Mannen trudde det hadde klikka for meg når han fekk sjå det.... "kjøper me bilder av folk me ikkje kjenner og' no?!!!!!..."
 

Mann og barn har vinterferie denne veka,
og i måro har eg og' fri og det gleder eg meg til
 Skal berre vera heima og kosa meg
Litt hussysler og blogging blir det nok tid til...

Ønsker deg ein fin kveld

Klem fra Torill

tirsdag 22. februar 2011

Stolar I Ny Drakt☺

Som fleire allerede hadde forstått har eg trekt om kjøkkenstolane
 Har leeeenge vore lei dei mørke stolane!
Men har liksom ikkje heilt funne det rette stoffet......før eg var ein tur på Kid i går!!!!
 
FØR
ETTER
Stoffet eg har brukt er rett og slett kjøkkenhandkle fra Kid. Likte så utrulig godt mønsteret og då slo tanken meg - kjøkkenstolane!!!
Med 6 kjøkkenhandkle i posen sprang eg nesten heim fra butikken - kunne ikkje komma fort nok i gang


Resultatet blei superfint, syns eg! Tilogmed mannen syns dette var lurt
Ikkje var det vanskelig heller, har ordna alt heilt sjølv
Eg stifta berre kjøkkenhandkle fast oppå det gamle stoffet og skrudde/limte "sitteplata" fast på stolen igjen... treng ikkje vera mykje handyman for å klara da


Og med ein løper i samme mønster blei det prikken over i'en!
Nytt kjøkken på ein kveld
Er ikkje tilfeldig at alle bildene er tatt fra samme vinkel i dag.... Bak min rygg ser det nemlig ut som om nokon har sleppt ei bombe!!! Ser nesten ikkje kor kjøkkenbenken begynner eller slutter... Men da er verd det - eg har fått nye stolar

Spørs om da blir noko Frustrerte Fruer på meg i kveld.......må jo nesten tilbringa kvelden på kjøkkenet samen med dei nye stolane mine
Men først må her ryddes!!!!!!!!

Kooooos deg i kveld!   


Klem fra Torill

mandag 21. februar 2011

Noko på gang☺


Her er det full aktivitet i kveld! Eg ligg på alle 4 midt på stovegolvet

Gleder meg til å vise dåke resultatet i måro
Trur det blir kjempefint!

Eg seier berre; KJØKKENHANDKLE og STIFTEMASKIN
 (og då er det sikkert mange som skjønner kva eg snakker om)

Ha ei God Natt

Me blogges i måro

søndag 20. februar 2011

Vår i lufta♥


I dag har det virkelig vore vår i lufta
 DEILIG!!! Kunne faktisk kjenne varmen fra sola♥ Det flotte været fekk det til å klø i fingrene, så det blei litt forandring på trappa i dag


Alle løkane eg kjøpte på salg i haust ligg fortsatt i kjelleren....har jo vore frost i bakken siden før jul!!!!!...trur eg.. :o Vurderte å skyta dei ned i bakken i dag... I staden planta eg den eine posen med løker i denne flotte gamle bøtta. Med ein trollhassel og nokre fine steinar oppå blei det kjempefint syns eg


På trappa vår står og' eit vindu likt det eg har på veggen i stova. Kransen her har eldste jenta laga av skjell og fine steinar ho har funne i fjæra♥ Den fekk komme ut på trappa i dag, den passa jo så fint sammen med det grove og grå på trappa♥


Mens eg dulla med mitt i vårsola kokte jentene kakao til oss på stormkjøkkenet og mannen ordna med ved. Nytt vedskur er kommet opp og no begynner det å fylles opp Syns nesten veden er pynt i seg sjøl


♥ ♥ ♥




I dag har me i grunnen vore ute heile dagen! Kost oss sammen alle 4♥
Etter middag var det tid for kaffi og nysteikt brownies på terrassen♥


♥ ♥ ♥


Håper virkelig me får beholde det flotte været i veka som kjem♥

Ønsker alle ein superfiiiin kveld,
og ei god ny veke♥

torsdag 17. februar 2011

GreenGate - sommerfølelse

Eg har liksom ikkje heilt klart å finna min favoritt i  Green Gate...
Men NO har eg virkelig funne den
Har dåke sett noko så fint?
Ønsker meg, ønsker meg, Ønsker meg!


♥ ♥ ♥
Bilder lånt fra GreenGate

Ta ein titt HER på sommerkatalogen til GreenGate, så masse fint

Bildene vil garantert gi deg ein aldri så liten sommerfølelse Og litt sommer blir det nok på mitt kjøkken og', når eg får min første blå GreenGate-kopp....snart
Kanskje du har ein GreenGate favoritt?

Ha ein fin kveld

Klem

tirsdag 15. februar 2011

Fridag og husvask

Her har det vore fridag og husvask i dag
Ja for det er ofte det fridagen min blir brukt til. Men må innrømme at eg liker det litt og....ikkje å vaska, men alt det andre, flytte, bytte, ordne, fikse...og flytte og bytte litt igjen
Hybelkaninene...eller langhåra rasekaniner er vell rette ordet, har herja vilt heilt siden før helga, så dette var godt 


Litt maling har det og blittDet gamle vinduet har fått eit strøk eggehvit og endelig kommet opp på veggen. (Ja, ting blir hengt opp LENGE før det er tørka her i huset - eg er så utolmodig, klarer ikkje venta) Vinduet fant eg på Svartasmoget (søppelfyllinga her på Stord) Eg må sei mannen blei litt flau då me i haust var der for å hente kompostjord og eg fant dette vinduet i ein haug, og spurde mannen som jobba der om å få det med heim


Eg brenn mykje telys, så eit norgesglass fylt med telys står lett tilgjengelig oppå den gamle trekassen (kjøpt på Ica Maxi av alle plasser)
Kassen er veldig kjekk å oppbevare ting i....pledd, interiørblad, leiker, ved, ja egentlig alt mulig. Ønsker meg fleire sånne....




Ein aldri så liten tur på Gjennbruk blei det og tid til i dag
Der fant eg denne lampefoten som skal få bli kvit, og ei søt lita blomsterpotte


Deilig å ta kveld i eit reint og ryddig hus, berre så domt det ikkje er fredag
Det hadde passa så bra no...reint hus og fredag.....


 



Til slutt vil eg ønska alle som titter innom ein fin Tirsdag


Her står Spinning på timeplanen, før eg og mannen skal tilbringe resten av kvelden med beina høgt foran TV
(og med pc'en på fanget. Eg skal nemlig ha meg ein runde i blogglandi....har blitt dårlig med det i det siste)

Ha ein fin kveld

Klem fra Torill

lørdag 12. februar 2011

Sola skinn på himmlen blå!


Sola skinn på himmlen blå
vekkjer meg og alle små
så me kan springa ut i lag
og leika heile dagen
Tralalala... Tralalalalal..
så me kan springa ut i lag
og leika heile dagen
 
(Favorittsangen til minstejenta om dagen)


Ingenting er som ein lørdag med blå himmel og sol

Men skrekk og gru.....
Fant egentlig ut at huset ikkje var så verst i går då eg kom heim fra jobb,
MEN når sola kom fram i dag var det andre ting som og' kom fram!!!!
Hybelkaniner så store som....ja nettopp kaniner:)


 Men været er altfor fint til å vere inne å vaske hus i. Så no har me tatt det verste, og no vil me ut!! Mannen er på sjøen og fisker, og eg og jentene skal på sykkeltur
 Seinare venter fisk- og skalldyr-middag/kvelds hos mine foreldre, mmmmm


Ønsker alle ein fin LØRDAG, både med og uten kaniner 

torsdag 10. februar 2011

Mitt beste bruktfunn


Anettes Hus har ein utfordring gående, kor ein skal visa sitt beste bruktfunn...

Eg har ikkje veldig mykje brukt her i huset, men eg har mine skattar eg og
Denne flotte sauebjella som heng på kjøkkenet vårt syns eg er så fin
 Den hang i si tid rundt halsen på ein av sauene min mann hadde då han var ung og budde heima Bjella har inngravert både navn og telefonnummer.

Det er ikkje den store skatten....men likevell ein kjær og verdifull pynt for meg

Då vil eg ønska alle ei god natt

Da e snart helg!!!!!!
Jippi 

♥Klem


tirsdag 8. februar 2011

♥ You are Special ♥


At eg har hatt denne sjokoladen til pynt siden i sommar er eit lite under i seg sjølv. Eg er nemlig heilt GAL etter sjokolade! Men syns innpakninga er så fin at eg ikkje har klart å åpne den
 
No skal det seiast et eg har vurdert å åpne den og pakke den fint inn igjen uten noko inni.....

Grunnen til at jentene ikkje har rørt den er enkel - "da er berre pynt, ingenting inni" (fy meg, ka gjer eg ikkje for pynten min...)


Den rosa lykta fant eg på Nille her ein dag, og den passa jo perfekt til sjokoladen
Så no skal den få ligge litt til.....faktisk er den gått ut på dato og no...så den er sikkert ikkje noko god....garantert ikkje noko god lenger


Nok sjokoladesnakk!
Til helga skal Ektorp-trekka mine på vask. Det trengs virkelig, dei er GRÅ! 


Då stuper eg i kleshaugen som må legges sammen, og håper å komma opp igjen til sesongpremiere på Frustrerte Fruer  SMILER

Tilslutt vil eg ønska alle ein fortsatt fin Tirsdag

Klem fra Torill

lørdag 5. februar 2011

Loppemarked og auksjonar


Dette bordet (eller...desse, det er nemlig tre bord i eit) kjøpte eg på min første auksjon like før jul - 60 kr, det kallar eg eit KUPP!

Loppemarked og auksjonar er det IKKJE mykje av her eg er fra... Kunne så ønska det fantes fleire, -det er jo så kjekt
Kanskje eg kan finne eit loppemarked i sommerferien....
JA, i sommar då skal eg på loppemarked 
Kor? Da veit eg ikkje heilt endå
SMILER


Bordet var mørkebrunt, men som alle andre ting her i huset har det fått ein omgang med den kvite malekosten min

♥ ♥ ♥



Ønsker alle ei fortsatt fin helg  

Klem

fredag 4. februar 2011

Bilderas fra kjøkkenet ♥


Her kjem eit aldri så lite bilderas fra kjøkkenet
Pastellane snik seg inn meir og meir og
grunnen er enkel - eg venter på våren med åpne armer


Eg har fått registrert bloggen min på BoligBlogg i dag. STOR STAS
Der bør dåke ta ein titt, mange flotte bloggar (kanskje du og' vil gi meg ein stemma der inne)
Måtte le litt når eg såg kva dei hadde skrevet om bloggen min der inne.... "Blogger med landlig stil og dilla på å lage tablåer" hi hi...
Er vell egentlig heilt sant da...så her er ein ny tablå


Tablå, tablå, tablå 


Dette gamle bordet er eg utrulig glad i, syns det er så fint
Det har mannen arvet av si bestemor
(og det passe jo veldig godt å lage tablåer på )


Då me overtok bordet var det nesten oppspist av mott....så det ligg litt arbeid bak
....Mottfjerning, sparkling, pussing og maling.....


Under bordet ligg ein gammal kakeboks, som eg bruker som syskrin
Og oppå bordet - nok eit tablå


 Detaljer fra hylla på kjøkkenet


Kjolen/underkjolen som heng her har mi bestemor sydd
Den er både vellbrukt og slitt, men er ein koselig og verdifull pynt for meg


Med desse fine orda ønsker eg alle ei fin fin helg

"The future belongs to
Those who belive in the beauty of their dreams"
                                        ELENOR ROOSEVELT

Tusen takk for mange fine ord fra dåke der ute, eg sett utrulig stor pris på kvar einaste ein
 og ikkje minst velkommen til mine nye følgere, blir like hoppande glad for kvar nye følger

Stor helgeklem fra Torill

torsdag 3. februar 2011

Min første AWARD - Beautiful blogger

Eg har fått min første award Kjempestas Awarden beautiful blogger fekk eg av Ellen med den flotte bloggen La bella vita.
TUSEN TUSEN TAKK   


Med awarden følger det nokre spørsmål,
og her kommer mine svar:

1. Ta opp nærmeste bok, slå opp på s. 18 og se linje 4, hva står der? 
Oiiii, kan ikkje akkurat skryte på meg at eg har mykje bøker rundt meg....interiørblad derimotMen det er vell ikkje lov....så det nermeste eg kjem ei bok i dag må bli ei kokebok - Den store FINGERMAT kokeboken. Og på side 18 står oppskrifta på Pizzetta-Brikker
*
2. Hva var det siste du så på TV?
God Morgen Norge i dag tidlig (har nemlig vore heima med febersjuk minstejente i dag)
*
3. Bortsett fra datamaskinen, hva hører du nå?
Tv'en......ein dårlig uvane, men den står egentlig alltid på om kvelden, enten eg ser på den eller ei. For øyeblikket står den på TV2 - "Svendsen om Hansen og Jensen". Dersom eg høyrer ekstra godt etter høyrer eg faktisk varmepumpa og
*
4.Når var du sist ute og hva gjorde du da?
For 1 time siden, då var eg på Spinning
*
5. Hva har du på deg nå?
Egentlig burde eg gått opp og skiftet før eg fylte ut dette.....for eg sitt her i ein ullstilongs og ein rosa Devold ullgenser (skikkelig lekkert!!!) Men det er sånn eg liker å ha det etter trening og eg berre skal slappe av i sofaen
- behagelig
 *
6. Hva het den siste filmen du så?
Tomme Tønner, den såg eg sammen med mannen før han reiste i Nordsjøen
7. Skulle du kunne overveie å flytte til utlandet? 
Aldri!! Eg er altfor knytta til familie og venner. Og ikkje minst er eg veldig heimakjær


Eg vil gjerne gi awarden videre til desse flotte bloggane.......

tirsdag 1. februar 2011

Klosterklokker og jentekveld♥

Her er bordet dekka for ei koselig kveld med gode klubbvenninner
Ein kveld med masse jenteprat, sladder, betroelser, latter og god mat (håper eg:o)....med andre ord ein skikkelig vitamininnsprøytning


Bordet er dekka med det enklaste av det enkla....
klosterklokker med gråpapir
rundt (verdens fineste løkblomst spør du meg), litt trollhassel og nokre lys
Enkelt men veldig fint syns eg
I tillegg ligg det ein liten overraskelse innpakka i syllofan på fata
Det er ikkje noko eg gjer kvar gong, men fekk så veldig lyst i dag


 Då skal eg berre få
jentene mine i seng, så er eg klar til å ta i mot mitt besøk

Kos dåke i kveld alle sammen

Da skal eg
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...