lørdag 15. september 2012

Kjøkkenbilder på ein lørdag

 Her kjem litt bilder fra kjøkkenet vårt.
Ikkje mykje nytt siden sist, men har fått ny lampe over kjøkkenbordet (eller ny og ny...eg fekk den til jul). Er kjempefornøyd med lampen, den gav liksom kjøkkenet eit litt røffare uttrykk, samtidig som den gir eit fint lys over bordet.

Glassflaska med den svarte korken fekk eg av mannen sist han kom heim fra reisejobb. Dei blei brukt til oljeprøvar fortalte han. Og heilt av seg sjølv fann han ut at det var nok ei slik flaska som konemor likte:) Og den passa jo perfekt og konemor blei hoppande glad!!! ..og ein smule rørt...kjenne han meg godt?
På kjøkkendisken går det fortsatt ein del i blått hos meg. Syns det er ein farge som passar så godt på eit kjøkken.
 Denne kvite herligheten fekk eg og' til jul:) 
Om den ikkje blir brukt kvar dag gjer det ingen ting - eg blir glad berre av å sjå på den;)
Til slutt vil eg sei tusen takk for fine helsingar under forrige innlegg Kjekt at dåke fortsatt finn veien inn her til tross for null innlegg siste halvår;)
 
Den skitne grautpanna fra lørdagsgrauten kom heldigvis ikkje med på bilde, men den skal eg vaska no;)
 
Ønsker dåke alle ein fortsatt fin lørdag
 
Klem fra Torill


mandag 3. september 2012

♥Ein liten prins♥

Her har det vore veldig stilt i det siste - ikkje eit einaste innlegg på over eit halvt år.... 
 
 
 
...og her er nok noko av grunnen:
Denne deilige bylten kom til verden for ganske nøyaktig 2 måneder siden.
 
 
 
Så her går det meste av tida med til kos og stell. Og for 2 hjelpsomme storesøstre er det stor stas med ein liten prins:)
 
 
Så gjenstår det å sjå om tida strekker til, om bloggen får meir tid framover...
 
Uansett, å lese andre sine bloggar det har eg alltid tid til. Så ein runde rundt i blogglandia om kvelden, med ein liten på armen, skal eg få til;)
 
Då vil eg ønska deg som titter innom ein fin kveld
 
Klem fra Torill

mandag 2. januar 2012

Godt Nytt År!!


Då er både jul og nyttår over for denne gong, og me er allerede i gang med 2012. Etter veker med late dager og masse god mat samen med familie og venner - er det godt å møte kvardagen og rutinar igjen.


Med bilder fra nyttårsafta`s pynta langbord vil eg ønske alle mine følgjere 
Eit Riktig Godt Nytt År!!


Eg vil takke dåke som har lagt igjen så mange fine ord her hos meg i året som har godt, dåke som trufast titter innom og dåke nye som kjem til:)

Eg gleder meg masse til eit nytt år med interiør, kreativitet og mange flotte bloggar!

Stoooor klem fra meg
Tilslutt eit bilde av ein liten tigergutt (eit tantegull)
som ønsker alle eit spennande nytt år;)

fredag 30. desember 2011

Fortsatt God Jul & Godt Nytt År♥


Sjølv om det ikkje har vore eit einaste juleinnlegg her på Elle Melle Mi Tua i år er det like fult jul hos oss


Etter mange veker uten blogging fant eg ut eg ville dele litt av jula med dåke.
Kjenner at jula syng på siste verset her i huset no, og at over helga skal det bli litt godt og pakke den vekk for denne gong.


Tilslutt vil eg ønska dåke alle ei fortsatt

God Jul & Eit Godt Nytt År!

Her skal dei siste fridagane nytes med enda meir god mat og enda nokre late morgonar...

Klem fra meg

søndag 16. oktober 2011

Stor seng - stor stas!


Her kjem litt bilder fra minstejenta sitt rom. Ho er nett fylt 3 år og har nylig flytta over fra sprinkelseng til stor seng - STOR STAS!


Senga er den eg hadde heima på jenterommet, den har berre fått eit strøk med kvitmaling sjølvsagt.
 

Kjøkkenkroken, som mannen har laga av ein gammel kommode. Her kan du lese meir om då den vart til.

 

Og med alt dette rosa ønsker eg dåke alle ein fortsatt fin søndag!!

torsdag 13. oktober 2011

Nye vestar♥

Heldige er me som har ei farmor som er så flink å strikka:)


Då eg såg desse vestane var eg ikkje sein om å be svigermor om hjelp, siden eg sjølv ikkje er så flink med strikkepinnene;)
Vestane blei kjempe fine, samtidig som dei er så varme og gode...sånt liker mammaer og sånt liker små jenter som liker å pynta seg;)

Vester og oppskrifter finn du her på Sandnes Garn sine sider.


Då vil eg berre ønska dåke alle ein fortsatt fin høstdag:)
Her skinn sola, så me må ut!

Klem Torill

søndag 9. oktober 2011

Påfyll;)

Dette har vore ei deilig helg. Ei helg med god tid og masse kos:)


I dag har det stort sett regna heile dagen så me har kost oss inne med fyr i ovnen, Karius & Baktus på TV og deilig søndagsmiddag.


Været i går derimot var nydelig! I flott høstvær sette me kursen mot Ryvarden Fyr. Eit fyr heilt i havgapet...
Ein liten times kjøretur fra Stord og så ein halvtime til fots.


Grusveien var perfekt for dei små på sykkel. Dei sykla sjølv heile veien, med berre litt hjelp i oppover bakkane;)
Så var me der....med utsikt rett til havs!!!!!
Ein tur eg virkelig anbefaler for dei av dåke som bur på desse kanter! Her kan ein både ha med barn i vogn og på sykkel, og ikkje er det langt å gå heller.


Eg håper du og har hatt ei fin høsthelg:)
Det er slike helger som dette som gir meg påfyll, påfyll på batteri som skal vare heile vinteren.



Ønsker deg ei flott ny veke!

Klem Torill

fredag 30. september 2011

God Helg♥

 
Så var det helg igjen!!
Og med dette flotte været kan det ikkje bli anna enn bra:)


At gradestokken kryp opp mot 20 gr siste helga i september er nesten ikkje til å tru!
Men dette skal nytes!


Viser bilder fra ein liten krok av stova i dag....og grunnen er enkel; resten var rett og slett ikkje bloggbart;)


God helg alle sammen

KLEM

torsdag 15. september 2011

Formiddagen på trappa


Her i huset blei det ein ufrivillig ekstra fridag i dag, etter at minstejenta stupte i stovebordshjørnet igår og resten av dagen blei tilbrakt på sjukehus med kutt over auga... Stakkar lille engelen min


I dag er alle ved godt mot igjen, og da blir ein rolig dag heima.


Pasienten sjølv begynte dagen med ein tur i hønsehuset etter egg. Med  plaster over auga, men like blid


Etterpå ville ho hjelpa mammo å vaske trappa,,,,


Og med ei bøtte full av vatn følger bøttevis med tålmodighet...


...så då blei det tid til ein lyngkrans til døra, mens min gode hjelpar vaska trappa.

Her skal det bakes boller, så då vil eg ønska dåke alle ein fortsatt fin torsdag
I morgon er det helg igjen!!!!

Klem fra Torill

tirsdag 23. august 2011

Prosjekt Hage


Me har ikkje berre vore på båttur i sommar
...det har skjedd litt i hagen og'


Og det til min store glede!!!
Eg elskar nemlig å sjå at ting begynne å ta form. Det kan liksom ikkje skje fort nok....


I år stod endelig muren under terrassen for tur! Den har mannen i huset bygd av naturstein kjøpt på paller.
Og lenge før han var ferdig stod eg klar med jord, planter, benk, puter og pledd - utolmodig som eg er


Min første Clematis har fått plass på muren. Gleder meg så til å sjå om den vil trives hos meg....om den vil vekse og bli like stor og fin som den eg såg i Vakre Hjem her ein dag... Drømme


Tusen takk for besøket, kjekt at du tok turen innom meg
...og ei fortsatt god veke til deg
Klem fra meg
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...