søndag 29. mai 2011

Eg fant, eg fant!

 

Med mann og barn ventene i bilen skulle eg berre ein kjapp tur innom den lokale bruktbutikken denne veka! Kan tru det var ei som hoppa glad ut igjen med dette flotte bordet under armen til gi-bort-pris LYKKERUS
(og ein litt oppgitt mann som måtte hjelpe å bære)


Bordet er eit slikt bord eg berre har drømt om, og som eg stadig ser rundt om i blogglandia. Dei flotte beina er jo til å spis opp!!!!


Eg hadde nesten ikkje fått det i hus før eg var i gang med maling:) Og med den mørke grønnfargen blei det nokre strøk - trur nok eg må ha eit til og....


(Eg har fått spørsmål om hjerteranken min, om eg har nokre tips til å få den til å vokse og trives.... Egentlig ikkje...eg har ikkje akkuratt grønne fingara.....men trur den treng ein del lys og fuktighet... I tillegg klipper eg den av og til, og det som eg klipper av planter eg opp i potta samen med resten av planta. På den måten blir den litt "kraftigere")

Denne gang blei avklippet planta i ei ny potte. Så gjenstår det å sjå om den vil vokse og trives;)


Tusen takk for mange koselige tilbakemeldinger, det gleder meg virkelig!

Til slutt vil eg ønska dåke alle ei god ny veke, måtte sommaren snart komme

lørdag 21. mai 2011

Huset's fargeklatt


Det blir lengre og lengre mellom kvart innlegg fra meg. Det er ikkje fordi eg er gått lei blogging, men rett og slett fordi tida ikkje strekk til.


I dag som fleire gonger før kjem eit innlegg fra kjøkkenet...
Kjøkkenet som på mange måtar er midtpunktet her i huset, og det rommet me absolutt bruker mest. Det er her me samlest enten det er kvardag eller fest




Denne fargeklatten av ei tavle er ikkje akkurat eit møbel som sklir inn på kjøkkenet, men den er flittig i bruk kvar dag, (både til lekseøving og leik) så den er nok kommet for å blir...:)


Måtte le litt av eldste jenta her ein dag; "kanskje me skulle malt tavla mi, mamma? Så hadde den liksom passa litt bedre inn.." Nei, tavla skal få vere akkuratt som den er. Nemlig hustet's fargeklatt!




Her på vestlandet er vår blitt til høst, så i dag blir det ein skikkelig innedag på oss!
No bærer det opp på loftet, eg og jentene skal opp å rydde romma våre:)


Ønsker dåke alle sammen ei fortsatt fin helg
Klem fra Torill

fredag 13. mai 2011

Ingrid i gangen♥

Så var det FREDAG igjen, den beste dagen i veka:) Syns mandagen kjem altfor ofte og altfor fort, men jammen er det ofte FREDAG og';)


I dag viser eg bilder fra gangen, ein nyvaska gang....men det er og' det einaste som blei vaska her i dag...




Og ingen vask her i huset uten at ting byttar litt plass, så litt forandring på kommoden måtte det bli:)




Dronning Ingrid har lurt seg inn her og', kan ikkje få nok av slike nydelige Pelargonier
Kassen og bøtta den står i flytter litt ut og inn (på trappa) alt etter vær og vind...


Jammen godt det ikkje er lyd på dette innlegget for mens mammo knipsar er det 2 små som tester ut dei nye 17. mai fløytene....(skrekk og gru!!!)


Tilslutt vil eg takka for alle fine ord
Og ønska alle nye følgere velkommen til meg
Håper dåke finn noko dåke likar, og om ikkje anna finn litt inspirasjon

GOD HELG!

Då er det Gullruta resten av kvelden her:)

Klem

søndag 8. mai 2011

Ei nydelig helg...


Jammen har me fine dager om dagen... DET ER JO NESTEN SOMMAR!


Grønnsakskassane mine er klar... Her skal isbergsalaten og gulerøttene strutte om ei stund;)
(kassene er pallekasser eg har fått på jobb og som eg har mala med husmaling)


 Inne skjer det lite om dagen. Den eineste aktiviteten der er hybelkaniner som slåss i vinduskarmen...(skjønner egentlig ikkje kor dei kjem fra, for det er ingen som er inne?...)
Men i eit slikt vær får hybelkaniner vere hybelkaniner!


(...så det blei nokre bilder fra stova i ettermiddag likevell...)


Dei heilt store forandringene siden sist er det ikkje, men den blågrønne stolen min er blitt kvit. Og med nytt stolputetrekk fra Ellos blei stolen ein fin "ekstrastol" rundt bordet:)


Dei siste kveldane er det på terrassen me har brent telys, men i kveld måtte me ha litt levende lys på stovebordet

 

Rosa Pelargonia er virkelig min favorittblomst om dagen. Den er like fin ute som inne, og eg kan berre ikkje få nok av den.

Så var helga over og ei ny arbeidsveke står for tur, men med dette flotte været tar me imot ei ny veke med åpne armer, og ser fram til enda nokre flotte dagar

Ønsker deg ei god ny vårveke

Klem fra Torill


mandag 2. mai 2011

Vår på terrassen♥

Våren er virkelig kommet for å bli Og her på vestlandet har me kost oss i nærmest sommertemperaturer siste vekene. Både store og små storkoser seg ute fra tidlig morgon til seine kvelden med hagearbeid, støyping, leik i sandkassen, hyttebygging og terrassekos:)


Og når me går inn for kvelden har alle roser i kinna, og støvet er ikkje lenger så synlig som midt på dagen når sola står på;) For er det noko som ikkje blir prioritert i finværet er det husavasken! Istaden fekk deler av terrassen ein omgang med grønnsåpe og kost i helga, og me "flytta" endå litt ut;)
Syns det er så koselig å bruke gamle filleryer ute, det gjer det litt lunere.
(...ønsker meg nye hagemøbler, men får sjå om det blir i år...)


 I dag har vårsola hatt ein liten pause, men i måro satser me på at den er tilbake....og då er det min fridag og den skal både nytes og nyttes ute!

Håper sola skinner hos deg og'!

Klem fra Torill

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...