mandag 29. november 2010

JULEKALENDER 2010


Då var julekalenderen kommet på kjøkkenveggen:) Fekk gjort den ferdig i går kveld og
jentene blei storfornøyd då dei stod opp i dag. Minsta jento trur nok da berre er noko nytt mammo skal ha til pynt på kjøkkenet..... "oy, masse pakkar" var det einaste ho sa..... Mens Thea har venta leeeenge på detta:)


Kalenderen har eg kjøpt på Bohus. Tidligere år har me hatt ein kalender med "lommer", men det var ikkje så lett å finne pakker som passa i dei små lommene......så i år prøver me noko nytt:)


Ellers har influenso inntatt huset her:( Så eg og Liva har hatt heimadag i dag:) Me har fyrt i ovnen så da knaka og kost oss på sofaen med kvar vårt MAMMAblad og tutt;)


Ha ei fortsatt fin ny veke:)
Klem:)


søndag 28. november 2010

"Ta meg med heim!"


Då var det første lyset på adventstaken tent:)


Adventstaken vår er veldig enkel. Me har hatt denne dei siste åra, berre bytta ut pynten oppi....I år har eg fylt den med mose. Oppå har eg lagt nokre rullar med noter, englar og eit sløyfebånd. Enkelt og greit:)



Eg berre visa det søte huset som stod og ropte på meg på veg ut av butikken i går...."ta meg med heim!" ....eg kunne ikkje berre gå!?:) Så med heim blei da, og eg angrar ikkje! Var det ikkje fint? Kjempe lite, men kjempe søtt:)


God Advent Damer:)
Klem fra meg:)

fredag 26. november 2010

JULEKALENDER på ein fredagskveld:)

Her har helgefreden senka seg, ungane er i seng og pappsen har reist i Nordsjøen igjen:( ... no blir det 2 laaaange veker aleina med ungane:( Men når han kjem heim er det jo nesten jul:)!!!
Eg har begynt på jentenes julekalenderen i kveld. Er så koselig å laga pakkekalender syns eg, i tillegg til at den pyntar så fint på kjøkkenet:) Lurte på om eg skulle henga den opp i kveld, men trur det er ei som kjem til å slite ut heile kalenderen før helga er omme då;) 
Skal vise bilder av kalenderen når den er kommet opp på veggen:)


Pepperkakehjertene fra i fjor er derimot kommet opp i kjøkkenvinduet:) Dei laga me i fjor og pakka vekk når jula var over. Dei var like fine i år:) Dei har fått påskrifta "Pappa", "Thea", "Liva" og "Mamma". Koselig:)


 ***


***


Desse skoa som heng på kjøkkenhylla tok eg mine første skritt i:) Sølvrangla hadde pappsen når han var liten:)

 I morgon blir det litt meir juleforbredelser, adventstaken må på plass, er jo første søndag i advent på søndag!:)

Ha ein fortsatt fin kveld alle der ute:)
No skal eg sjå Senkveld:)

***

onsdag 24. november 2010

Alle Fugler Små De Er.......

Då var "fuglehusa" som eg fortalte om i eit tidligere innlegg ferdige, og klar til å pakkes inn i julepapir:) Eit av husa må me ha sjøl og det skal me henge opp i morgon (klarte ikkje vente med blogging til eg hadde fått hengt det opp...hmm)




Og når me først hadde laga fuglehus måtte me lage fuglemat og':)


Så då fekk eg brukt sandkakeformene mine til noko og - ikkje berre pynt;)
Ideen til desse fekk eg på den flotte bloggen silje-sin.blogspot.com.

Oppskrifta er enkel;
* Delfiafett
    * Frøblanding


Småfuglane her hos oss skal vertfall få ein fin vinter, me skal sørge for at dei aldri legg seg sultne;)

Ha ein fin kveld folkens:)
Klem:)

tirsdag 23. november 2010

SE MIN KJOLE!

Farmor har strikka ny kjole til Liva:) Ein søt liten kjole med både dokkevogn og dokka:)


Tenk kor kjekt å ha ei dokkevogn med dokka i på magen når du er 2 år;) Og når den i tillegg er varm og god, blir mammo ekstra glad:)

Oppskrift på kjolen finn du her på Sandnes Garn sine sider.


Tusen takk Farmor, denna skal me bruka masse:)

søndag 21. november 2010

SKOGEN MED INN:)

Eg har fått julatre på kjøkkenet;) Rettnok ikkje eit stort julatre, men eit lite søtt som eg kan ha på bordet. Har sett mange sånne her i bloggverden...og no har eg og' eit:) Har pynta det med englar og eit god jul skilt (er lov da no....er jo advent neste helg?)



Har vore mange forandringar på sinkfatet her på kjøkkenet i da sista....men sånne små forandringar gjer så mykje:) Eg er utrulig glad i å pynta med sånne fat!

Det er ikkje berre julatreet som har blitt med inn... Denna vrihasselen var eg hos mamma og fekk:) Den og' er pynta med engler og hjerter, og heng ved pipa.



Då eg først var i gong med fotoapperatet var det berre å fortsette. Så her kjem nokre bilder fra stova vår i kveld:)
(litt mørke, men men.....)




Golvet i stova og på kjøkkenet er altfor mørkt!!!! Veit ikkje kor eg var når eg valgte ut det! Men da må eg nok berre leva med. Men det mørke golvet på soverommet vårt...da har eg gjort noko med.....men da skal du få sjå ein anna dag;)


Til slutt eit bilde av løkane eg kjøpte på Plantasjen i dag - til 70%:)
Så eg skal ut å planta løkar til veka:)


Då var helga snart over, og me er klar til å ta fatt på ei ny veka:)
Ha ein fortsatt fin kveld alle sammen:)
Klem:)

onsdag 17. november 2010

Kanel I Svingane:)

Her har ettermiddagen blitt brukt til baking:) Trur aldri mine ungar blir lei av å baka. Det er noko av da kjekkaste dei veit:)



Masse sukker og kanel....mmmm:)


I mens har mammo lurt seg til å henga opp dei nye knektane på hylla i stova:)
Syns det gjorde seg, hylla blei jo ny:)



Til slutt vil eg takka for mange fine tilbakemeldingar:) Og hjertlig velkommen til dei som har valgt å bli følger av bloggen min:)

Ha ein fin kveld alle der ute, no skal eg på venninnebesøk:)

tirsdag 16. november 2010

LITT JUL:)

Årets første pepperkaker er i hus. Måtte ha til å pynta med:) Blei så inspirert etter å ha vore inne på den fine bloggen til Lisje Astrid (lisjeastrid.blogspot.com). Ho har det utrulig fint og eg henter mange tips derfra:)



Me har vore i kjellaren og begynt på julepakkane:) Desse skjønne "fuglehusa" såg eg i ein butikk og fant ut at noko liknande måtte det vera enkelt å laga. Så etter nokre ettermiddagar i kjellaren for både store og små, med saging, spikring og maling mangler husa kun litt bjørkebark på taket:) I holet i midten skal det henge eit eple... 


Då var det kveldsmat og legging av små:)

***

mandag 15. november 2010

STOVE/SOFAKROKEN VÅR:)

Heldige meg, eg har endelig fått meg kvit sofa!!!:) Eg klarte endelig å lura min kjære med til Ikea:) Kanskje ikkje så praktisk med kvit sofa når ein har små ungar i hus vil mange sei, men eg klarte ikkje holda meg lenger...


 Da e ein heilt enkel Ektorp sofa, men utrulig fin syns eg:)
Ungane blei levert til mi søster og me reiste til Stavanger:) Ein 2-seteren på taket og ein stol i bagasjerommet er virkelig å anbefale....:) Takke gudane for at ikkje ungane var med......lure på kor me skulle gjort av dei? :) :)



Så no har eg endelig fått det litt lysare i stova, for eg syns egentlig stova har vore litt for mørk.....


Fargane gjer det egentlig veldig lunt og varmt,...men ingenting er som ein kvit sofa:)


Dette søte mørke bordet har eg kjøpt på loppemarket for 60,- kr!! Planen er at det skal bli kvit, men syns det passa fint med det mørke her. Så det skal få vera sånn ei stund:)



Då vil eg ønska alle ein fortsatt fin mandag:) I morgon har eg fri så då skal eg kosa meg heima. Trening og husarbeid....blir nok litt blogging og skal du sjå;)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...