I går var mor i huset klar for litt forandring...
...så når middagen var inntatt sette eg i gang...Den lyse og den mørke sofaen skulle få bytte plass☺ Med mannen på jobb måtte eg klare alt sjølv :o
Litt seint blei da, men SÅ eg kosa meg, til langt på kveld!!!!
Og dei som kjenner meg veit at forandring fryder (meg)....så her er det berre fryd i dag☺
Ei ny hylle over sofaen er komt i hus, og oppå der har mine første sko fått hedersplass♥
Under heng søte detaljer fra
Fem Høns. Ein flott butikk proppfull av alt du kan tenke deg av interiør, og som me Stordingar er så heldige å få nyte godt av
☺
Den gamle kommoden har endelig fått handtak. Lurte lenge på kva eg skulle velge, men enda opp med handtak fra Biltema som eg har mala. Syns dei passa fint, og ingen kan sjå at dei er kjøpt på Biltema;)
Oppå den gamle kommoden står nokre av mine gamle skattar, det gamle bilde og pumpeflaska er bruktfunn mens den kvite vogga har mannen laga på sløyden.
♥ ♥
Den gamle salmeboka er og' eit bruktfunn, og er ein fin kontrast til alt det kvite syns eg.
Interiør og forandring er gøy!!! Det gir meg mykje glede♥
Og det er SÅ mange fantastiske interiørbloggar som inspirerar og gledar meg der ute♥
Tusen takk kjære dåke, kva skulle me gjort uten interiør?☺
♥FIN FREDAG TIL DÅKE ALLE♥
Klem fra Torill