onsdag 19. januar 2011

Tenn eit lys eller to ♥


Eg gleder meg til vår og lysare tider som dei fleste andre her i blogglandia:) Det er mørkt når eg går på jobb om morgonen og det er nesten mørkt igjen når eg kjem heim..... Men desse mørke ettermiddagane og kveldane gjer det ekstra koselig å tenne lys. Og eg elsker å tenne lys....masse lys, kvar dag! KOSELIG


Frukta her i huset er blitt bytta ut med litt gammel "pynt", gamle spoler og ein såpeboks etter mannens bestemor. Utrulig fine syns eg:)
Såpeboksen har påskrifta:
GOLDEN BORAX
FOR HUDENS OG HÅRETS PLEIE
Gjør hårdt vann bløtt. Gjør huden myk
og matt. Dryss alltid litt Golden
Borax i vannet før De bader
eller vasker Dem 
Oppi er det eit kvit såpepulver....som dessverre ikkje luktar særlig mykje lenger, men har fortsatt sin sjarm:)


Til helga står nye friske blomster på ønskelista....då blir helgevasken så mykje kjekkare
Gleder meg til helg, etter ei veke med mykje jobb!


Tilslutt vil eg ønska alle ein fortsatt fin kveld

Tenn eit lys eller to så blir alt så mykje koseligare i denne mørketida, så kjem nok våren snart den og'

1 kommentar:

  1. Ny ladning med te lys ble innkjøpt i går så da er det bare å tenne alle lykter igjen!
    klem Laila

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...