lørdag 20. august 2011

Innevær og innekos!

Ute regnar det, så kva passer vell bedre enn å tenna lys og kosa seg inne?:) Det har iallefall eg valgt å gjera i dag, mens eg ventar på sola som kjem i ettermiddag...
♥
Det er ikkje kjekt at sommaren er på hell, men hausten har sin sjarm den og'....med mørkare kveldare og meir innekos:) (Kanskje blir bloggen prioritert meir og'?)
♥ ♥ ♥
Tilslutt lure eg med eit bilde av ei glad eldstejenta klar for venninna's bursdagsfeiring i formiddag♥
I neste innlegg tenkte eg å visa litt fra Prosjekt Hage i sommar...det har ikkje skjedd så mykje, men litt:)

 Ønsker deg ei fortsatt fin helg!

Klem fra Torill

søndag 31. juli 2011

Ferie og båtliv☺

Det har vore lite eller ingen blogging fra denne kant så langt i sommar. Det har liksom ikkje blitt priotert ♥Familie, ferie og båtliv har stått øvst på lista♥
(men takka vera iPhone har eg vore innom dåke...sjølv om eg ikkje har lagt igjen nokre spor etter meg....)

Så med lite nytt på interiørfronten heime, fant eg ut at eit innlegg fra båten var på sin plass...siden det er her me oppheld oss mest for tida☺
For litt interiør har eg klart å lurt med meg i båten og'...det er ikkje mykje som skal til for å gjere det heimakoselig rundt seg.

Sjølv om mannen ikkje ser noko nytte i dette og sukka litt oppgitt då eg kom drassende med det, kjenner han meg så godt at han skjønna at sånn måtte det berre bli. Med sklimatter under står det trygt og godt☺
♥ ♥ ♥

Nytt interiørblad er eit "must" for båtturer, og då er det jo viktig at ein har ein plass å ha dei;) Denne fant eg på Plantasjen i vår, og har hatt blader i den på kjøkkenet siden...men den passa jo og' perfekt her i båten og'.
Som dåke sikkert har forstått er båt blått for meg...blått og kvit...SOMMAR♥
Me har hatt nokre herlige dagar og veker på sjøen sammen med gode venner i sommar, og med 1 veke igjen av ferien håpar me å få endå nokre fine dagar☺
Sommarklem fra Torill
♥

onsdag 1. juni 2011

Flueskapet mitt:)


Av mangel på anna å blogge om viser eg bilder av flueskapet mitt (som det så fint heiter). Eg har hatt det ei stund men det har vore for stort for kjøkkenbenken....men no har mannen  saga av beina så det akkuratt går mellom over- og underskapet☺



...det gjorde at kjøkkenbenken blei litt meir bloggbar og det blei litt kjekkare å ta oppvasken - iallefall syns eg det☺
Den gamle blå fiskeausa er eit bruktfunn og den kvite sila er kjøpt på Åhlens.
♥

Så var det den heimestrikka kjøkkenkluten min då....må innrømme at det blei med den eine, sjølv om eg syns den er både dekorativ og god å vaske med. Mannen syns det var litt uvant seier han, han føler han vasker kjøkkenbordet med ein strikkegenser....hi hi - alt blir ein vane til slutt☺

Oppskrifta til kluten finn du her HER hos Laila med den flotte bloggen Lille Lailas blogg.


Her i huset er me klar for ei skikkelig langhelg no, skal bli så deilig♥ Og me krysser det som krysses kan for at været blir litt bedre ♥

♥God Helg♥

søndag 29. mai 2011

Eg fant, eg fant!

 

Med mann og barn ventene i bilen skulle eg berre ein kjapp tur innom den lokale bruktbutikken denne veka! Kan tru det var ei som hoppa glad ut igjen med dette flotte bordet under armen til gi-bort-pris ♥LYKKERUS♥
(og ein litt oppgitt mann som måtte hjelpe å bære)


Bordet er eit slikt bord eg berre har drømt om, og som eg stadig ser rundt om i blogglandia. Dei flotte beina er jo til å spis opp!!!!


Eg hadde nesten ikkje fått det i hus før eg var i gang med maling:) Og med den mørke grønnfargen blei det nokre strøk - trur nok eg må ha eit til og....


(Eg har fått spørsmål om hjerteranken min, om eg har nokre tips til å få den til å vokse og trives.... Egentlig ikkje...eg har ikkje akkuratt grønne fingara.....men trur den treng ein del lys og fuktighet... I tillegg klipper eg den av og til, og det som eg klipper av planter eg opp i potta samen med resten av planta. På den måten blir den litt "kraftigere")

Denne gang blei avklippet planta i ei ny potte. Så gjenstår det å sjå om den vil vokse og trives;)


Tusen takk for mange koselige tilbakemeldinger, det gleder meg virkelig!

♥♥♥Til slutt vil eg ønska dåke alle ei god ny veke, måtte sommaren snart komme♥♥♥

lørdag 21. mai 2011

Huset's fargeklatt


Det blir lengre og lengre mellom kvart innlegg fra meg. Det er ikkje fordi eg er gått lei blogging, men rett og slett fordi tida ikkje strekk til.


I dag som fleire gonger før kjem eit innlegg fra kjøkkenet...
Kjøkkenet som på mange måtar er midtpunktet her i huset, og det rommet me absolutt bruker mest. Det er her me samlest enten det er kvardag eller fest♥


♥


Denne fargeklatten av ei tavle er ikkje akkurat eit møbel som sklir inn på kjøkkenet, men den er flittig i bruk kvar dag, (både til lekseøving og leik) så den er nok kommet for å blir...:)


Måtte le litt av eldste jenta her ein dag; "kanskje me skulle malt tavla mi, mamma? Så hadde den liksom passa litt bedre inn.." Nei, tavla skal få vere akkuratt som den er. Nemlig hustet's fargeklatt!


♥


Her på vestlandet er vår blitt til høst, så i dag blir det ein skikkelig innedag på oss!
No bærer det opp på loftet, eg og jentene skal opp å rydde romma våre:)


Ønsker dåke alle sammen ei fortsatt fin helg
♥
Klem fra Torill
♥

fredag 13. mai 2011

Ingrid i gangen♥

Så var det FREDAG igjen, den beste dagen i veka:) Syns mandagen kjem altfor ofte og altfor fort, men jammen er det ofte FREDAG og';)


I dag viser eg bilder fra gangen, ein nyvaska gang....men det er og' det einaste som blei vaska her i dag...


♥


Og ingen vask her i huset uten at ting byttar litt plass, så litt forandring på kommoden måtte det bli:)


♥


Dronning Ingrid har lurt seg inn her og', kan ikkje få nok av slike nydelige Pelargonier♥
Kassen og bøtta den står i flytter litt ut og inn (på trappa) alt etter vær og vind...


Jammen godt det ikkje er lyd på dette innlegget for mens mammo knipsar er det 2 små som tester ut dei nye 17. mai fløytene....(skrekk og gru!!!)


Tilslutt vil eg takka for alle fine ord♥
Og ønska alle nye følgere velkommen til meg♥
Håper dåke finn noko dåke likar, og om ikkje anna finn litt inspirasjon♥

GOD HELG!

Då er det Gullruta resten av kvelden her:)

♥Klem♥

søndag 8. mai 2011

Ei nydelig helg...


Jammen har me fine dager om dagen... DET ER JO NESTEN SOMMAR!


Grønnsakskassane mine er klar... Her skal isbergsalaten og gulerøttene strutte om ei stund;)
(kassene er pallekasser eg har fått på jobb og som eg har mala med husmaling)


 Inne skjer det lite om dagen. Den eineste aktiviteten der er hybelkaniner som slåss i vinduskarmen...(skjønner egentlig ikkje kor dei kjem fra, for det er ingen som er inne?...)
Men i eit slikt vær får hybelkaniner vere hybelkaniner!


(...så det blei nokre bilder fra stova i ettermiddag likevell...)


Dei heilt store forandringene siden sist er det ikkje, men den blågrønne stolen min er blitt kvit. Og med nytt stolputetrekk fra Ellos blei stolen ein fin "ekstrastol" rundt bordet:)


Dei siste kveldane er det på terrassen me har brent telys, men i kveld måtte me ha litt levende lys på stovebordet♥

 ♥

Rosa Pelargonia er virkelig min favorittblomst om dagen. Den er like fin ute som inne, og eg kan berre ikkje få nok av den.
♥

Så var helga over og ei ny arbeidsveke står for tur, men med dette flotte været tar me imot ei ny veke med åpne armer, og ser fram til enda nokre flotte dagar♥

Ønsker deg ei god ny vårveke

♥Klem fra Torill♥

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...