søndag 19. desember 2010

Snart i mål:) ?


No er alle lysa tent på adventstaken og jula er rett rundt hjørne. Mens dei små går rundt og gleder seg meir enn nokon gong, syns me vaksne at jula kjem altfor fort! Er me ferdig? Har me gløymt noko?



Trur eg må lage ei liste!  Eg føler ofte det er så mykje å huske på, men når eg setter det opp på ei liste blir det meir overkommelig:)

 No er eg iallefall ferdig med alle julepakkane:) Kjøpte den siste i dag! Baking trur eg heller ikkje det blir meir av, sjølv om eg har ein kjøpepepperkakedeig i kjøleskapet.... Juletreet skal i hus på tirsdag, då har eg fri og me kan alle vera med:) Så gjennstår det "litt" vasking og handling før me er i mål:) Eller? :o


Ha ein fin kveld og ein fin førjulsveka:) Ikkje la det bli berre stress:)
Jul blir det uannsett, og jammen er det godt:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...