lørdag 25. desember 2010

Julefred ♥

Eg føler på mange måtar at 1.juledag begynner den rolige delen av jula. Då kan me senke skuldrene og berre kose oss gjennom resten:) Det er ingenting som skal vaskes, ingenting som ordnes, ingenting som skal rekkes... berre kos, familie, god mat og leik

Eg har ikkje fått vist bilde av juletreet vårt i år, så her kjem det:)

 

Ei lubben og fin edelgran:) Den blei pynta på onsdag og då blei det skikkelig jul i stova:) Eg likar å pynte treet med sølv og rødt, og selvfølgelig ting som ungane har laga opp gjennom åra:)


"Juletrefoten" er ny i år. Det er ei sinkbøtte fra Plantasjen, den er litt finare enn den kjedelige vanlige juletrefoten syns eg;) Mannen skjønna ikkje heilt koffor me plutselig skulle ha treet i ei bøtte.....

JULAFTA


Julafta feira me oss mamma og pappa i år, samen med mine yngste søsken Marthe og Ørjan. Det vart ei koselig og fredfull julafta med god mat og masse fint under treet for både store og små:)  


Her er to forventningsfulle jenter som venter på at dei voksne skal bli ferdig å eta så me kan begynna med det som er litt meir spennande....


Måtte berre vise bilder av det fine julebordet mamma hadde dekka. Veldig enkelt, men utrulig fint syns eg:) Det er nok fra henne eg har mi interesse for interiør og detaljer  

I dag har me vore på middag hos mine svigerforeldre:)
Og i måro er det julefrokost hos mamma og pappa sammen med mine 3 søsken og Deres familie:) Mat, mat, mat:) DEILIG!!!

Ha ein fortsatt fin 1.juledag

1 kommentar:

  1. Kjempefint juletre og juletrefot :) Undrar meg over korleis dåke klarar å få juletreet til å stå uten å velta?! Ha ei fortsatt fin jul! Anlaug

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...